Høge vindmøller med blits

Publisert:12. november 2018Oppdatert:15. november 2018, 20:36
Illustrasjonsfoto av ein vindmøllepark. FOTO: Jason Blackeye

Tre hundre Røkke-tårn kan møta deg på fjelltur, om Norsk Vind Energi AS får byggja vindmøllepark i Stølsheimen.

I framtida står du kanskje på ein topp i fjellheimen, utan å vera øvst. Vindmøller ruvar over deg. Hundre gongar høgare enn deg sjølv. Opp til 250 meter høge er vindmøllene Norsk Vind Energi AS ynskjer å etablera i friluftsområdet Stølsheimen i Nordhordland.

Det er like høgt som trehusbygningane på Bryggen er lange. Snur du rekka med dei fargerike trehusa på høgkant får du høgda på vindmøllene.

– Me må kunne tåla å sjå vindmøller for «the greater good» som det heiter. Mange tykkjer dei er flotte, og dei som får turopplevinga redusert, skal iallfall veta at ny, fornybar straum uansett er bra i eit klimaperspektiv, seier Lars Helge Helvig, grunder og arbeidande styreleiar i Norsk Vind Energi AS.

“Mongstadflammen”, fakkelen som brenn overskuddsgass på Mongstadraffineriet, er 105 meter høg. Under halvparten av ein ny vindturbin.

Tre hundre Røkke-tårn

Kjell Inge Røkke låg i haust fram planane for eit høghus på 200 meter i Oslo. Mediemerksemda vart stor. Fordi han ynskjer å byggja den høgaste bygningen i Noreg. Tilsvarande høgde er planen for vindmøllene. Dei vert riktignok slankare enn skyskraparen til Røkke, men dei vert fleire. Tre hundre i talet. Det vert Europa sin største vindmøllepark på land.

Norsk Vind Energi AS har førebels ikkje sendt søknad til energimyndigheitene for vindkraftprosjektet.

Kor stort omfanget kan verta er avhengig av mellom anna forhandlingar. Området som er planlagt så langt er 78 kvadratkilometer, fortel Helvig.

Det er større enn Åsane bydel, eller større enn Austrheim og Fedje kommune til saman, om du så tek arealet av Fedje to gongar.

– Konstant blits mot deg

– Vindkraftverket vil vera særs synleg på lang avstand. Avhengig av terreng- og siktforhold vil det kunne vere synleg tretti til femti kilometer unna, seier Nicolas Rodriguez, naturvernansvarleg i Bergen og Hordaland Turlag.

Mellom Bergen sentrum og Dale i Vaksdal er det 35 kilometer i luftlinje.  Frå Åsane og kortaste vegen til fylkesgrensa til Sogn og Fjordane er det om lag 50 kilometer.

Sidan turbinane er så høge må dei ha eit varslande lys. – Som ein blits på heile tida, forklarar Synnøve Kvamme, leiar i Naturvernforbundet i Hordaland.

I Stølsheimen treng kvar av vindmøllene ein oppstillingsplass på størrelse med ein halv fotballbane. Anleggsvegen for å frakte turbinane på plass skal i snitt vere 800 meter per mølle, og fem-seks meter i breidda.

– Då det skulle byggjast vindmøllepark i Rogaland vart det sagt at vegen skulle vere fire-fem meter brei. Ingen plassar vart den smalare enn sju. På det breiaste var den tjue meter, fortel Kvamme.

Prosessane er udemokratiske. Kvamme siktar til Guleslettene i Sogn og Fjordane kor politikarane sa ja til vindkraft, men kjende seg lurt. Utbyggjarar endra planar og tillatingar i etterkant. – Dei visste ikkje kva dei sa ja til.

Hindra vindmøllepark med blest

Seksti prosent av vassdraga i Hordaland er utbygd. – Urørt natur står att som ein liten oase mellom naturinngrepa, seier Kvamme.

Helvig i Norsk Vind Energi forstår at fleire meiner vindmøllene øydelegg naturen, men heldt opp mot klimaendringar og ekstremvêr, er det byrdar samfunnet bør kunne tåle. I området er det allereie inngrep ved fleire store høgspentlinjer, demninger og vegar knytt til dei. Ved ei utbygging vil det leggjast stor vekt på å gjera det så terrengtilpassa og skånsamt som mogleg. 

– Noreg treng ikkje vindkraft. Utbygginga er for eksport. Kvifor kan ikkje Noreg heller hjelpa andre land å byggja fornybar energi der dei er, til dømes vindkraft i ørkenen, kor det ikkje vil skade dyr og plantar, i staden for å byggja ut i Noreg og eksportere? spør Kvamme.

I staden for å øydeleggje urørt natur med vindkraft, kan ein ta solcellepanel i byar, kor naturen allereie er øydelagt og lagt under asfalt, meiner Kvamme.

Ho håpar at blest om saka i Stølsheimen, som protestmarsjen i helga, kan hindra vindmølleparken.