Grillpølsa er ikkje født i kjøtdisken

Publisert:7. november 2018Oppdatert:13. november 2018, 13:09
Foto: Malin Nordby Kvamme

Kommentar: Vi må innsjå at verkelegheita er blodig og brutal. Det er like ille å ete fårepølse frå butikken som å slakte ein sau.

Wenche Andersen lagar taco med kjende personar på God Morgen Norge, Therese Johaug reklamerer for Fjellpizza med lokalt storfe- og reinsdyrkjøt frå Hedmark, og «heile» kjendis-Noreg lagar kjøtrettar i 4-stjerners middag. Men kvifor er det for hard kost å slakte ein sau på TV?

Kjøtparadokset: Vi et kjøt – men er mot slakting

I programmet «Folkeopplysningen» på NRK inviterte programleiar Andreas Wahl seks «oppegåande og kjøtglade» kjendisar, til å slakte og ete sin eigen sau. Slakting og eting gjekk bra, men då innspelinga var ferdig trakk alle seg, fordi dei var redde for å framstå som «slemme, dumme eller i beste fall hyklerske». Til slutt var det ingen som ville vere med i programmet og NRK måtte sende ein anonymisert versjon.

Aldri før har det vore produsert meir kjøt enn det blir i dag. Ifølge Statistisk sentralbyrå vart det i 2017 produsert , to prosent auke frå 2016. Vi et store mengder av det, men samstundes er også bandet mellom det levande dyret og fileten på tallerkenen brote. Det er eit stort paradoks at det – for mange – er hardt å stå i ein situasjon der dette bandet er gjenoppretta.

Usunn samfunnsutvikling

Vi står ovanfor ei usunn samfunnsutvikling som blir stadig meir skremmande. Det er ikkje til å stikke under stol at mange barn i dag faktisk trur at kjøtet har blitt til – f­erdig vakuumpakka i kjøledisken på Rema. Det kan verke som om mange vaksne også føretrekk å tenkje at det er slik. Sjølvsagt er det ikkje kjekt å sjå at eit dyr døyr og blir slakta. Dei færraste likar det. Men det er heilt normalt og nødvendig. Dette er dessverre eit eksempel på at vi distanserer oss meir frå kvar maten på bordet faktisk kjem frå.

Hadde same TV-program blitt sendt nokre år tilbake hadde nok ikkje reaksjonane vore dei same. At deltakerane i programmet var redde for å bli dårleg framstilt, viser at det har blitt større medvit rundt dyrevelferd. NOAH jobbar for at det skal opprettast dyrepoliti, og det er bra. Dyr skal verken mishandlast eller ha det vondt. Human avliving av sauer hamnar likevel ikkje innanfor denne ramma. Det er like forsvarleg som å avlive ein hund hos dyrlegen. Norsk dyrevelferd og dyrehelse er i verdstoppen. Kvalitetssystemet i landbruket skal sørge for kvalitet og tryggleik gjennom heile systemet.

Dei fleste har vel ete ein god hamburger utan å stusse over kvar kjøtet kjem frå, men når ein plutseleg ser middagen i auga, blir det – for mange – for nært. Og det er ikkje så rart. Det ein ikkje er vand til blir unaturleg. Men så lenge ein et kjøt, må ein faktisk innsjå at nokre dyr må bøte med livet. Etter at eg som bondeknøl flytta til Bergen, har eg oppdaga at det – ironisk nok – ofte er dei som har minst forhold til dyr og landbruk – dei som kanskje aldri har vore på ein gard eller sett ei ku – som ofte har dei sterkaste meiningane om både landbruksdrift og jakt.

Mange folk, spesielt dei som ikkje har noko forhold til det som skjer utanfor bysentrum, har eit urealistisk bilete kva som føregår i landbruket og på jakt. For ei stund sidan var eg på eit foredrag med tittel «Hvorfor bli veganer». Der vart det vist skrekkeksempel på omsorgssvikt og vanskjøtsel i landbruket, og nærast presentert som at «slik er det på alle gardar». Litt seinare vart eg kjend med ei jente som fortalte at ho hadde blitt vegetarianar fordi ho hadde høyrt at dyr har det så forferdelig på norske gardar. Ho hadde riktignok aldri vore på ein gard. Oppfatninga har nok ein samanheng med at det som blir vist i media ofte er negativt. Det er synd, for slik er det absolutt ikkje. Moderne landbruk har veldig høge krav til dyras ve og vel. Dei fleste bønder er jo bønder nettopp fordi dei er glade i dyr.

Jakt og slakting er nødvendig

I dag er det mange som er motstandarar av jakt og det blir til tider sett på som noko berre bygdetullingane driv med. Dyrerettighetsorganisasjonen NOAH beskriv slakt som på si nettside. Og noko av det første eg lærte då eg skulle ta jegerprøva var: «Ikkje legg ut bilete av blodige dyr i sosiale medium, då blir det bråk frå motstandarane». n står i 2017/2018 oppført i Jegerregisteret og det er godt over ein million skytevåpen registrert på private våpenkort. Med andre ord betyr det at dersom ein ikkje er jeger sjølv er det stort sannsyn for å ha ein venn som er det. Til og med Kongen og Dronninga går på jakt.

Det er nødvendig å forvalte jakt- og viltressursane for å oppretthalde eit levedyktig samfunn. Til eksempel vil for store bestandar av hjortevilt føre til skadar på innmark, utmark og trafikken. Nokre elgbestandar beitar så hardt på tre og beiteplantar at det påverkar deira eiga helse og evne til å formeire seg. I det hjorteviltet veks ut av sitt eige matfat, krev det aktiv forvaltning, sidan det trugar både artsmangfaldet og viltets eigen eksistens. Det er inkonsekvent å ikkje tenkje på dyra som døyr som følgje av hungersnød når dei veks ut av sitt eige matfat, men samstundes vere mot jakt. Dette viser at forvalting av viltet er viktig både for oss og viltet sjølv.

Nokre plassar får barnehageungar vere med på slakting av reinsdyr og sau, frå avliving til partering. Andre stader er det rypejakt på timeplanen i 8. klasse. Dei lærer at grillpølsa og kyllingfileten ikkje er født i kjøtdisken. Og takk og pris for det.

Det er eit faktum at den gjengse nordmann et kilovis av kjøt i året, men når avstanden mellom dyr og kjøt blir så stor at det er tabu å vise forsvarlig slakting av sau, har det snart gått for langt. I dagens samfunn der det er vanleg å ha sex- og drikke seg full på TV, burde det vere greitt å vise kvar maten kjem frå også. Som Linda Eide sa då ho serverte smalahove i 4-stjerners middag: «Om du ikkje kan sjå maten din i augo, skal du ikkje eta den heller».