Dama på busstaket døyper heimstaden din

Publisert:6. november 2018Oppdatert:13. november 2018, 23:00
Illustrasjon: Eva Neteland

Den irriterande dama fekk meg til å innsjå noko. Det er ikkje berre i Oslogryta avgjerder vert tekne langt over hovudet på folk flest.

Alle ferdast kollektivt. I alle fall i blant. Anten du gjer det som MDG politikar for å kvitvaska deg frå taxirekningar, eller ein gong i året då bilen streikar.

Eg gjer det dagleg for å utvida søvnen. Motivasjonen til å stå opp, er å koma seg på bussen, vidare til draumeland, og sitje å sikla vidare. Dessverre er det vorte ei slutt på dette. Eg slit med å finna den gode skjønnhetssøvnen, men det har du kanskje skjønt om du har sett meg.

Dama på taket
I Bergen høyrer du ei stemma som fortel deg kvar einaste stad bussen er. Innlesinga på høgtalaren er noko som skal gje dei reisande betre opplevingar. På bybana er det i tillegg musikk, ei verkeleg kulturell og god oppleving. No skal bygdefolket og få kjenna på byen sin rike kultur.

Denne hausten fekk Nordhordland nytt busselskap. Avisene skreiv med glede om nye bussar, med gode fasiliteter. Mellom anna raud saum på setene, så svaksynte skulle sjå dei få plassane i bussen som var utvalgt dei.

Verken sjåførar eller reisande hadde ei aning om den nyinnflytta bergensaren. Ho som turte å bevega seg nordom IKEA og no sit på taket og kravstort fortel kvar ein skal.
Prøver du å overdøva ho, lyt du skru opp headsetet eller høyrselvernet ditt med radio, til eit faretrugande nivå. Får du tinnitus som følgje av dette, er det kanskje betre enn ein bergensk operasongar som skal fortelja deg eit ugjenkjenneleg namn på heimstaden din.

Overraskande nok seier ho ikkje Sjiiiiilstraumen, då me passerar Kilstraumen. Kjell-straumen seier ho sjølvsikkert. Det er vel moderne, å gjera ting til sitt eige. Full pott for kreativitet.

Verst er det å høyre alle er-endingar ende opp i aaaaachrrrr. Ein hissig bergensar kvessar mot meg som ein slange. 

Eg trudde eg ikkje brydde meg om dialektar. Heilt til eg møtte ho. Min indre patriot har sett lyset. Me vert tvungen til å gje avkall på vår kultur til fordel for den urbane. Me må protestere på assimileringa som rår. Kvar er Hardangerbunaden din? 

Papegøye hjelper blinde
Papegøyer plukkar opp ord dei høyrer, men kven denne dama har lært av er uvisst. Like uvisst som for austlendingar at ringer du politiet for å få lov til å køyre med sommardekk i snøkav, får du eit rungande forbud. Einaste likskap stemma har med ei papegøye er at ein vert sletne av begge delar. Dei gjentek seg sjølv og tyt, i tide og utide.

Ein bussjåfør sa på høgtalaranlegget at han håpa å snart finna ut korleis han kunne dempa stemma. Me får be ei stille bøn om at nokon kan skru volumet ned, før folk hissar seg opp som lemen.

Dei blinde har gått av på feile haldeplassar, inntil denne tøtta kom som ein reddande engel frå Vestlandets utvalde heilage stad. Det er som at Skavlan framleis er på skjermen, vanskeleg for folk å forstå. Du lyt sjå godt mellom skarrande r-ar for å kunne hamna på rett stad. 

Ein er  fortumla etter ein blund på bussen, ein undrar kven er eg, kva hender og kva planet er kome til.  Som om ikkje dette er forvirrande nok, så skal du vakna til namn på haldeplassar som du, som har budd i området heile livet, aldri har høyrt om. 

Strilekrig
Vestlendingar tykkjer alle avgjerder skjer i Oslo over hovudet på oss mellom bakkar og berg. Det hadde vore ei glede om Bergen kan lausriva seg frå Noreg, så me alle ein gong i livet, kunne få oppleva lukta av nylagt asfalt på utsida av ring 3. Helst eit større dekke, enn det området ein ser frå den blå steinen. Bergensarane sin vesle horisont. Gjenklangen av dei går derimot lenger.

Nokre arrogante sit i ei bykjerne omringa av brustein og danna fruer i pelskåper. Dei vedtek over dei løgne einstøingane, som er så forblåste dei ikkje veit å lika smaken av det urbane liv. Utan å høyra på dei, og deira uttalingar.

Utgangspunktet er urovekkjande likt Strilekrigen på 1700 talet. Då for to tusen strilar inn til Bergen for å få slutt på skattetyngja dei opplevde. Forskjellen er at ingen stormar byen i protest og lagar opprør. 

Makteliten trur bygdefolket er lemningar frå steinalderen. Folk som ikkje har hjernekapasitet til å forstå teknologien som vert tredd ned over hovudet og godt inn i øyra deira. Bergensaren skal vera ei oppdragande mor for uutvikla bygdetullingar. Sjølv eit spedbarn kan opne auga. Eg ser ei snikutvasking av dialektmangfaldet. 

Heile distriktet er døypt på nytt, men ingen vart invitert til dåpen.