Ny farlig rustrend blant ungdom

Publisert:11. september 2018Oppdatert:13. september 2018, 15:26
Lean, zizzurp, eller purple drank. Kjært barn har mange navn.

I hip-hop miljøet i sørstatane på 90-tallet utvikla det seg ein snål, men potensielt farleg rustrend. No har trenden vendt tilbake, og har også tatt turen til Norge.

Det er nok ikkje monge som har høyrt om “Lean”, “Zizzurp”, eller “Purple Drank” blant vaksne i Noreg, men blant ungdommane her til lands er dette eit meir kjent fenomen. Lean er ein drink som er laga utav diverse medisinske preparat, hostesaft, og sprite. Effekten kan variere men brukaren vil i stor grad føle seg euforisk og varm. “Sivert” som vi har vore i kontakt med forklarar rusen slik;

- Omtrent som kodein. Kodeinen omdannas til morfin i kroppen etter konsumering, så man blir ganske døsig, varm og god, nesten litt ekstatisk, i tillegg verker det og veldig smertestillande.

Vanlegare i USA

Drikken er mykje vanlegare i USA,  enn den er i Noreg. Det kan vere fleire grunnar til dette, i følge “Sivert”.

- Grunenn til at det ikkje er så utbredt er at man ikkje tilgang til hostesaft som inneheld kodein, som er hovedingrediensen og virkemiddelet i lean. I Norge får ein berre kodein via tablettform på resept.

Når det gjeld røttene til drinken, og kva som har ført til det ein kan kalle ein gjenfødsel for rusmiddelet seier han dette.

- Lean blei først ei greie i hip-hop miljøet i sørstatane i USA rundt på midten av nitti-tallet, men blåste opp i seinare år, ettersom det er blei meir vanleg for rapparar å referere til lean i musikken sin.

Kan være livstruande

Sidan drinken inneheld opiat kan det vere lett å overdosere. Det er vanskeleg å seie noko om nøyaktig kor mange som rusar seg på dette, då indigrisensane er vanskelegare å få tak i, men ein må vere obs på at det kombinert med andre rusmiddel kan vere svært farleg.

- Sjølv om ein ikke får tilgang til kodein så lett så har det sikkert blitt mer populært å bruke hostesafter som Cosylan eller Solvipect Comp, som inneholder eit anna morfinpreparat. Der det er blitt mer utbredt kan det visast igjennom ei aukning på overdosar som gjerne skyldast mixing av lean med andre beroligande stoff. Å mixe lean med “downers” som xanax, og rivotril er ofte vanleg, men potensielt veldig farleg.

Trendsetteren USA

Det er vanskeleg å seie akkurat kvifor dette er blitt så utbredt akkurat no, men det ein kan sjå er at Noreg ofte kjem diltande etter USA når det kjem til det kulturelle. 

- Hip hop har jo påvirka Noreg veldig mykje dei siste åra, og dette stammar i stor grad frå statane, der ein høyrer at den nye generasjonen rapparar, såkalla “mumble rapparar” rappar mykje om rus og ulike stoffar. Sjølv om rappen i USA er veldig feit, håpar eg vi slepp å sjå norske sekstenåringar med lilla hår og lilla drikke i koppen sin, avsluttar “Sivert”