Ei vandring i ville vesten

Publisert:18. september 2018Oppdatert:18. september 2018, 19:29
Amalie Holt Kleive, i sitt rette element.

Vill Vill Vest har allereie rukke å etablere seg som ei viktig brikke i den Bergenske kulturscena. Eg tok turen ut på torsdag for å ta tempen på byens mest trendy festival.

Gjengen i Slomosa. Foto: Torkel Eikevik

Det er mykje å få med seg på Vill Vill Vest. Alt for mykje. Berre denne torsdagen blir eg tvungen til å dumpe artistar eg eigentleg vil sjå, til fordelfor artistar eg ikkje har så lyst til å sjå, men føler eg burde sjå. Sidan dei er i vinden og slikt.

Jørgen Sandvik held minikonsert på apollon. Det er intimt og luktar rullings i heile lokalet, men om ein klarar å sjå bort i fra dette var det svært stilig. Real Ones vokalisten dreg fram imponerande gitarfraser, og legg opp til ein god halvtime med deilig, kjedlig, bunnsolid blues. Eg rekk ikkje høyre så mykje, då eg må få med meg det nye stjerneskotet Amalie Holt Kleive. Ho overaskar og overbevisar allereie frå første tone. Noko som kan minne om ein slags sjamanistisk joik glir over i ein stor og harmonisk låt, prega av ein mjuk synth, solid koring, og ein ufattelig feit bass-lyd. Det er veldig vakkert, og det er hundre prosent tydeleg at dette er ei jente vi kjem til å høyre mykje meir frå i alle kanalar. Særleg p3.

Eg sett meg sykkelen til kompisen min, dette var avklart og i orden på forhånd, og set kursen mot Victoria. Eg har gått glipp av det første bandet, Yolobrothers, men kjem akkurat tidsnok til å rekke ørkenrockarane i Slomosa sin første låt. Slomosa er kanskje det mest sjarmerande bandet frå denne torsdagen. Då mange av dei andre artistane eg såg denne kvelden bevega seg langt inn i indie-land med sine trygge maj-sju akkordar, og Joy Division synth, held Slomosa seg til det som alltid har funka aller best i musikkens verden; ein god del vreng og stabil tromming og bassing. Låtane blir ofte litt like, men det er liten tvil om at bandet har øvd veldig mykje før denne konserten. Dei er svært samspelte, og ein får servert som minnar om tidleg Queens of the Stoneage,  Kyuss, med meir. Det er dritkult. Terningkast tøft.

No er det Stenersen sin tur. Eg har aldri høyrt om dei, og dei har sikkert aldri høyrt om meg. Vi får servert veldig vakre akkordprogressjonar ala Jan Eggum, akkompagnert av barnslege tekstar på bergensk. Dei er sjølvsagt kjempeflinke men eg føler det manglar noko reint vokalmessig. Veldig bra men veldig mykje å ikkje bite seg merke i, om du skjønnar. Det er mange slike band i Bergen, og desse var eit av mange. Sjølv med Boy Pablo på trommer. 

Dette er siste band ut på Victoria. Eg hoppar på sykkelen og tek turen til Kvarteret. Det er veldig mange som har møtt opp her i kveld og det er nok for å få med seg hovedakta på kveldens program ; Great News. 

Great News imponerar. På alle frontar. Lydmannen på kvarteret imponerar. Publikum imponerar. Eg kan ikkje telje kor mange konsertar eg har vore på der ein lydmann som jobbar frivillig har øydelagt øyrene mine. Lysmannen imponerar. Det er tre triangel på scena som stadig endrar lys som ein ikkje kan tolke enn noko anna enn ein homage til Pink Floyd. Frå sang ein er det berre eit massivt lydbilde som skyt deg i trynet, og du klarar ikkje la være å ha det kjekt. Frontmann Even lagar nok av leven, og sang etter sang, hit etter hit, blir ein dratt inn i torsdagsnatta med eit smil om munnen. Dette er ein svært karismatisk gjeng som kanskje er dei einaste som gjer pop så godt i Norge, akkurat no. Du ser dei utvilsomt igjen på den oransje scena på Roskilde ein dag.

Alt i alt var dette ein veldig bra kveld. Vill Vill Vest er eit flott initativ, arrangment, og det overaskar meg over kor bra gjennomført det er. Ein kan ikkje anna enn å glede seg til neste år, og få eit innblikk i kva meir Bergen har å by på,  både når det kjem til gamle veteranar, eller nye stjerneskot.