– Din u-hjelp i retur

Publisert:2. mars 2018Oppdatert:3. mars 2018, 21:17
Toyota Hiace. FOTO: Eva Neteland

Afrikanarar betalar meir enn nordmenn for gamle bruktbilar. 

Hiace i Afrika. FOTO: Skjermdump Google Maps.

Toyota Hiace er ein ettertrakta bil. Oppkjøparar i Noreg sender meldingar, ringer og legg lappar på frontruta til Hiace-eigarar i håp om å få kjøpa bilen, og eksportera den til Afrika.

Johnny Eriksen har vorte oppringt mange gongar av oppkjøpar. Han har seld to Hiace til eksport, grunna rust som gjorde dei uinteressante for mange. Oppkjøpar var villeg til å betala meir, enn marknaden i Noreg.

Eriksen fekk sin første Hiace for 20 år sidan. Han har i likheit med mange andre oppdaga at bilen er eit usliteleg kvalitetsprodukt som går og går, gjerne fleire hundre tusen kilometer utan noko problem. 

 

Ettertrakta bilar

Oppkjøparane som sel bilane vidare til afrikananar har høgare betalingsvilje enn nordmenn flest for Hiace, særleg bensinbilar, grunna det i enkelte afrikanske land er rasjonering på diesel. Bilane er ettertrakta grunna lite reparasjonar, noko som er viktig der ein korkje har verkty eller økonomi til delekjøp. 

I dag er det så mange Hiace i Afrika at dei kan ofre ein bil til delar slik at dei kan reparera om det skulle vere noko. Firhjulstrekk vil afrikanarane unngå, det er fleire delar, og vanskelegare å reparere. Dei ynskjer enkle bilar, som fungerar, og er moglege å skru på.

 

– Nok problem i Afrika

Bjørn, som ikkje ynskjer å stå fram med fullt namn, har seld tre Hiace til eksport, og opplevde å få betre betalt hjå oppkjøpar enn ved å selja til andre. 

Til Bymag fortel Bjørn om sitt møte med ein pakistansk oppkjøpar. Han  hadde villa på Nordås, og nærare hundre bilar klare for eksport på kaien på Sotra. Bilane kosta opp mot 90.000 kroner levert. Det vart stilt spørsmål korleis afrikanarane hadde råd til dette.  – Din u-hjelp i retur, sa oppkjøparen.

Ein oppkjøpar vart tilbydd ein Volgswagen Caravelle. Den ville han ikkje eksportera.  – Dei har nok problem i Afrika, lo han rått, og låg på.

 

Ikkje noko etisk problem

Kjetil Bjorvatn, professor i samfunnsøkonomi ved NHH syns det er interessant at afrikanarar er villege til å betala meir for bilar enn nordmenn, men kan ikkje sjå noko etisk problem.

– Dei som kjøper desse bilane er ikkje dei fattigaste. At dei er villege til å betala såpass mykje syner at dei er nyttige. Behovet for transport er der. Det er eit gjennomtenkt kjøp, av di afrikanarar flest ikkje har så mykje pengar, og tenkjer difor nøye over kva dei vert brukt til, seier Bjorvatn.

– Det er godt bilane kan kome til nytte i ein annan marknad. Bilane har ekstremt lang levetid, sidan etterspurnaden er stor i land med dårlege vegar og mangel på verkstader, seier Tom Bondehagen, avdelingsdirektør, Toyota Åsane.