–  Trist at kulekøyring får så liten plass i media

Publisert:11. februar 2018Oppdatert:14. februar 2018, 14:38
A-landslaget i kulekøyring: Tevje Lie Andersen, Hedvig Wessel og Vinjar Slåtten. Foto: Privat.

Ingen OL-renn i kulekøyring blir vist på hovudkanalen TVNorge. Sporten er difor ein av dei store taparane i kampen om merksemd.

Vinjar Slåtten er ein av kulekøyrarane i årets OL. Foto: Privat.

I det Hedvig Wessel og Vinjar Slåtten set utfor kulebakken i Pyeongchang, sitt det norske folk benka for å sjå langrenn og skiskyting. Dei er Noregs beste, men «ingen» veit kven dei er.

– Vi skulle sjølvsagt ønskje at kulekøyring fekk meir mediedekning. Dette kunne ha auka interessa for sporten og kanskje ført til betre rekruttering. Kulekøyring har minimalt med TV-tid, og større mediedekning kunne nok også gjort landslaget til eit meir ettertrakta sponsorobjekt, fortel leiar av kulerådet i Norges Skiforbund, Ingvild Kvåle Bergesen.

Trist

Vinjar Slåtten, ein av Noreg sine store kulekøyrarhåp, får oppleve korleis det er å leve i skuggen av Klæbo og brørne Bø.

– Det er litt trist at kulekøyring får så liten plass i media som det faktisk gjer. Eg trur det er ein sport mange vil finne kjekk å sjå på. På den andre sida er det jo slik at vi ikkje har så mange utøvarar som jamleg tek pallplasseringar. Kari Traa måtte gjere det bra i mange sesongar før NRK på den tida begynte å sende verdscupar. Det har dessverre ikkje vore nokon som har vore så god etter ho, og det blir følgjeleg mindre tv-tid, seier han.

Dårlege anlegg

Bergesen fortel vidare at ein av grunnane til lite interesse for sporten kan vere at det på landsbasis ikkje finst nok kulebakkar til å auke rekrutteringa.

– Det krev ein del å bygge kulebakkar, og dei må vere jamleg i bruk for å bli vedlikehaldne. Eg trur også at ein del av utøvarane som kunne vore interessert i å drive med kulekøyring, heller byrjar å køyre park og rette seg meir inn mot freeski.

Også tidlegare olympisk meister i kulekøyring, Stine Lise Hattestad Bratsberg, trur dårleg vedlikehald av anlegg er ein viktig faktor til dårleg rekruttering i kulekøyringsmiljøet.

– Det har ikkje vore noko stor satsing i Noreg, verken på anlegg eller trenarar. Det trengs anlegg for å få gode utøvarar. I tillegg har twintip kome og «kapra» mange av dei same utøvarane. Ikkje noko negativt i det, men dei anlegga finst, og då blir det også utøvarar, fortel Hattestad Bratsberg.

Det har ikkje vore noko stor satsing i Noreg, verken på anlegg eller trenarar.

Klubbane må ta tak

Hovudtrenar i Voss Freestyleklubb, Joachim Strandborg, er bekymra for korleis det norske kulekøyrarmiljøet vil utvikle seg.

– For å vere ærleg ser det ikkje så veldig bra ut. I Voss Freestyleklubb er det freeski som trekk klart mest utøvarar og interesse frå dei unge. Så og seie alle skisenter i Noreg har snowparks. Voss og Myrkdalen er dei einaste skisentera i landet som har kulebakkar på jamleg basis gjennom vinteren. Det er klubbane rundt om som må ta tak dersom kulekøyring skal overleve, seier Strandborg.

Få bakkar fører til færre utøvarar, som igjen fører til mindre mediedekning. Ein evig runddans. OL-distributøren Discovery fortel på si side at dei må velje skiskyting og langrenn framfor til dømes kulekøyring, då det er meir populært.

– Sportssendingane blir valt ut etter popularitet. Dei øvingane som ser mest interessant ut for nordmenn flest, blir vist på TVNorge. Dei som er mest interessant, men som ikkje får plass på TVNorge, blir vist på Eurosport Norge, avsluttar kommunikasjonsdirektør i Discovery Networks Norway, Espen Skotland.