– Skulle ønskje vi hadde med fleire utvekslingsstudentar

Publisert:27. februar 2018Oppdatert:6. september 2018, 10:07
Henrik Lund er årets UKEsjef. Foto: Malin Nordby Kvamme.

Etter halvtanna år med planlegging går startskotet for UKEN i Bergen.

UKEbussen er for mange symbolet på UKEN i Bergen. Foto: Malin Nordby Kvamme

UKEN 18 er årets største studentdrivne festival og blir arrangert på vårparten kvart partalsår, hovudsakleg av studentar ved Norges handelshøyskole (NHH). 18 dagar til ende vil bli fylt med alt frå revy og konsertar til verdsrekordforsøk og familiedag. UKEN-sjef Henrik Lund, fortel at planlegginga av festivalen har stått på i godt over eit år.

– Det begynner å bli ei stund. Vi starta planlegginga rett etter førre UKEN, UKEN 16. Så i løpet av sommaren 2016 forma vi visjonane og måla for årets UKEN. Sidan då har vi berre tilsett fleire og fleire, i ca. halvtanna år har vi jobba aktivt med det.

Inkluderer alle bergensstudentar

Tidlegare var UKEN berre for NHH-studentar, men no har dei for første gong opna for å tilsette heile studentbergen i alle slags roller under festivlarrangeringa.

– Det starta med UKEN 14, då var det nokre gruppeleiarar frå andre studiestadar, i UKEN 16 enda dei opp med ein gruppeleiar frå kvart einaste fakultet i byen, medan vi no også har tatt med sentrumsstudentar i mange andre grupper i heile organisasjonen. Vi har ein tredjedel frå sentrum, det er ekstremt mange i forhold til tidlegare. Så håper vi at det får ringverkningar av at fleire vil kome på arrangementa også. Vi har til og med aktørar frå andre stadar og det har det aldri vore før, fortel Lund.

– Dei er superflinke, så det blir veldig bra, skyt han inn.

Lund fortel vidare at dei også har jobba aktivt med å rekruttere utvekslingsstudentane. Dei er blant anna alltid konsekvente med å sende ut informasjon på engelsk under rekrutteringsrundane, men at det fortsatt er ting som kan gjerast betre for å inkludere fleire.

– Vi skulle gjerne ønskje at vi hadde med endå fleire utvekslingsstudentar, og er noko vi kjem til å oppfordre neste UKEN til å fortsette med. Litt av problematikken med utvekslingsstudentar er at dei berre er i Bergen eitt semester, medan vi ofte tilset på hausten og tidlegare. Slik at det er ein fordel at dei er her eit heilt år. Her har vi hatt fokus rekrutteringsrunda som vi har i januar, der ein har moglegheit til å ta med utvekslingsstudentar som berre er her på vårsemesteret.


Revyen er på ein måte hjartet av UKEN, seier UKEsjef Henrik Lund. Foto: Fredrik Geving Bedsvaag, UKEN Foto.

Olav Straume, student i samanliknande politikk ved Universitet i Bergen, er ein av arrangørane utanfor NHH. Han fortel at han høyrde om UKEN frå vennar som budde i Bergen under UKEN 16 og derfor fekk lyst til å vere med.

– Eg har sjølv opplevd UKA i Trondheim og ville gjerne vere med på innsida av ein slik festival, ikkje berre som deltakar.

Straume er med i gruppa arrangementteknikk og slår fast at stemninga er bra, men at folk er litt spente før det brakar laust.

– Vi riggar utstyr før og under konsertar og show, så enn så lenge har eg ikkje jobba noko med det. Men folk i gruppa er veldig hyggelige og det generelle UKEmiljøet er også bra. Det er mange i gruppa med solid erfaring frå teknisk gruppe på NHH, samtidig trur eg folk er veldig spente, det er i alle fall eg.

Ikkje berre fest og fyll

I tillegg til konsertar med store og mindre artistar, fortel Lund dei har mange andre arrangement for å få flest mogleg til å kome på festivalen og få stor breidde i det dei lagar.

– Vi har ein revy som vi er veldig kjende for, og som på ein måte har vore hjartet av UKEN veldig lenge. Også har vi ein del ulike show og slike arrangement der vi let funksjonærane kome opp med idear, og så berre lagar vi det, fordi vi har moglegheita. I tillegg har vi barnedag, eldredag, familiedag og mykje meir. Så det er veldig kult at vi kan ha heile den breidda.

Sjølv gler UKEsjefen seg mest til urpremiera på revyen.

– Det er første gong folk utanfrå får sjå revyen og vi skal ha middag med fleire gruppeleiarar, gamle UKEstyrer og nokre spesielt inviterte som kjem på besøk. Så det gler eg meg veldig til. Elles gler meg veldig til Aurora, og ikkje minst , det er dei to største konsertane vi har.

Marknadsføring

Som sikkert mange har lagt merke til, står UKE-bussen på Torgallemenningen og er eit symbol på UKEN, det same er PR-gruppa Rabalder som gjer stunts omkring i byen. Lund seier at dette nokre alternative marknadsføringstiltak dei har gjort for å få folk interessert. I år er også sosiale medium ein sentral del av marknadsføringa.

– Vi har gått endå hardare inn på målretta marknadsføring i sosiale medium. Det er nokre ganske avanserte verktøy der som gjer at vi kan sikte oss inn og følgje opp forskjellige brukarar, heilt frå dei klikkar seg inn på ein artikkel til dei kjøper billett. Det verkar å vere veldig effektivt, avsluttar Lund.