Satsar på konsertar, ikkje streaming

Publisert:7. februar 2018Oppdatert:8. februar 2018, 10:19

Janove Ottesen er i vinden med sitt andre norske soloalbum. Likevel er det ikkje streaming og salg han fokusera på. Musikken er tvert i mot skapt for å spelast live.

Foto: Arne Bru Haug

Går mot straumen

I dag er Janove aktuell med sitt andre norske soloalbum, noko som betyr konsertar rundt om i landet. Fokuset ligg likevel ikkje på antal streams eller radiospelingar - tvert i mot er musikken skapt for live-opptredner. Han beskriv den nye musikken som eit produkt frå hjartet og noko som skal få folk til å synge med. 

- Eg lagar ikkje pop-musikk som ungdommen likar, eg produserar det eg likar sjølv.

Dette kan by på utfordringar innan streaming og salg - noko som han kallar eit usikkert marked for bandet. 

 - Det er ikkje sikkert musikken me i dag skapar som band egnar seg til radio eller TV-program, seier han. 

Difor er det viktig for dei å skape album som fører til at publikum får lyst til å komme på konsertar. Dei som Ottesen beskriv som “den viktigaste fansen” er dei som framleis føl trufast med på prosjekta han driv med.

- Mange kjem fortsatt på konsertane mine, dei kjøper albuma og lærer seg dei nye songane - sjølv om dei nettopp har kome ut.

Intimkonsertar 

Han beskriv møtet mellom folk som viktig,  noko dei som ikkje kjem seg på konsertane kan oppleve gjennom intimkonsertar og platesignering på Platekompaniet rundt om i landet. Butikksjef i Bergen, Stian Skytterholm beskriv samarbeidet med Janove som godt.

- Han er jo framleis veldig populær, og me har hatt tilsvarande arrangement tidlegare. Blant anna i fjor når han slapp forrige album, seier han. 

Skytterholm seier det alltid er kjekt med besøk frå artistar i butikken, og at dei forventar ein del besøkande på fredag før storkonserten på USF Verftet.
 

Byggjer bruer mellom artistar

På det nye albumet har Janove med seg Ane Brun og OnkelP på to låtar, han beskriv det som både nytt og spanande å samarbeide så tett med andre musikarar.

- Eg likar stor variasjon i musikken, og ved å samarbeide med andre artistar i ulike sjangre kan me saman skape noko unikt og spanande, fortel han.


Janove og Onkel P i studio. Foto: Arne Bru Haug

Ottesen beskriv samarbeidet mellom forskjellige artistar som ein måte å byggje bru mellom kvarandre. På denne måten kan dei utfordre kvarandre og musikkindustrien.

Kaizers lagt på is

Når det kjem til Kaizers Orchestra er det ingen nære planar, seier Ottesen.  

-Ein av mange grunnar for meg til at Kaizers vart lagt på is er det kunstneriske - eg ønska å skape meir musikk enn berre for eitt band.

I tillegg til dei oppkommande konsertane i Hengtmann turneen fortel Ottesen at bandet vil spele på rundt 10 til 15 festivalar i sommar. Dei fleste av desse er endå ikkje offentleggjort. 

- Me er allereie i gang med å lage musikk til tredje albumet vårt, fortel han.

På spørsmål om han har planar om å legge opp svara han;

-Ein kunstnar pensjonerar seg vel aldri?