Sa opp jobben for å driva gard

Publisert:10. februar 2018Oppdatert:14. februar 2018, 14:53
Siv-Marit Rødland i floren

Nesten 1000 gardsbruk vart lagt ned i 2016. Då bestemte Siv-Marit seg for å verta bonde.

Kalvekos

I 2016 vart 954 jordbruksbedrifter nedlagde, det vil seia to til tre gardsbruk kvar einaste dag. Dette syner tal frå SSB.

Siv-Marit Rødland er oppvaksen i eit bustadfelt på Lindås, utan noko form for gardserfaring. Ho gifta seg med ein odelsgut, men å verte bonde var ikkje intensjonen. – Eg hadde nok ikkje gått inn på Finn for å kjøpa meg ein gard eg kunne driva om ikkje mannen min hadde odelsrett.

Svigerfar som har drive bruket fram til no, nærma seg pensjonsalder. Ei nedlegging var ikkje ynskjeleg. Jobben som sjukepleiar i heimetenesta sleit ho ut. Tobarnsmora ville noko nytt.

Ho sa opp jobben, og byrja på agronomutdanning på Stend vidaregåande skule. – Valet har utelukkande gjeve positive reaksjonar, fortel ho.

Vanskeleg å livnære seg
Siv-Marit trur nedleggingstrenden skuldast generasjonsskifte der ingen overtek. På Vestlandet er det ofte små gardar, slik at ein ikkje kan leve av det åleine.

– Ein arbeider konstant med dårleg betaling. Livet som bonde inneber dag-, kvelds- og nattevakt. Dersom mannen ikkje hadde arbeidd fullt, ville ikkje familieøkonomien gått rundt, understrekar ho.

Nyleg var ein elektrikar på besøk. Han undrast om mjølkekyra var ein hobby. – Det er synd om dei fleste må driva med dette på fritida.

For at fleire skal satsa på landbruk, så nedleggingsstatistikkane skal snu, trur Siv-Marit at regjeringa lyt tilretteleggje betre for små og mellomstore bønder. Ho opplever at tilskudda er dårlege, og at staten satsar på storbruk, noko som ikkje er geografisk mogleg i krevjande vestlandsterreng.

Regjeringa satsar på vestlandsjordbruket
Landbruks- og matminister, Jon Georg Dale, skriv i ein e-post at politikken ikkje favoriserar storbruk.

Dale fortel det har vore ei tydeleg politisk prioritering av vestlandsjordbruket, med ekstra tilskot til bær- og fruktbønder. Samstundes satsar regjeringa på ku og sau i grasområda, samt utbygging av kornproduksjon kor dette er høveleg.

– Me treng små og store garder for å produsera maten vår, og me må ta heile landet i bruk.

Angrar ikkje
Arbeidsdagen er lang. Siv-Marit er i floren frå klokka fem om morgonen. Etterpå gjeld det å få dei to borna på skulen. Agronomleksene må gjerast, dyra treng mat, og når kvelden kjem må kyrne mjølkast att.

Garden har vore i full drift i fire tiår. No er det tjue mjølkekyr og like mange ungdyr. Ute beitar tjue vinterfôra sau.

– Eg er heldig som har overteke ein gard som allereie er oppbygd.

Siv-Marit leverar elitemjølk, den høgste kvalitetsmerkinga norske bønder kan få for si råvareleveranse. Dette krev mykje arbeid, strenge rutinar og stor kjærleik til dyra, i følgje Tine.no.

Framidsplanane er klare. Ho ynskjer å investera i lausdriftsflor, noko som er eit krav innan år 2034.

Siv-Marit angrar ikkje på valet sitt, men saknar kolleger, så ho drøymer om ysteri og gardsbutikk med ein tilsett.

Den ferske bonden kjenner seg ikkje ferdig utlærd. Heldigvis står svigerfar Magne alltid klar med ei hjelpande hand.