Puttar rekningar i gløymeboka

Publisert:22. februar 2018Oppdatert:23. februar 2018, 10:12
Hallgeir Kvadsheim forklarar betalingsanmerkning som ein prikk på ditt økonomiske rulleblad. FOTO: TV3/Rune Bendiksen

Jobb og bustaddraumen kan gå i tusen knas.

Stadig fleire unge unnlet å betala rekningane sine. Over 50.000 unge i alderen 20-30 år har betalingsanmerkningar, syner tal frå Lindorff. Dette opplyser DNB på sine nettsider.

– Får ein betalingsanmerkning som ung, er det som å setje vaksentilværet på vent, fortel forbrukerøkonom Silje Sandmæl til DNB.

Prikk på ditt økonomiske rulleblad
– Ein betalingsanmerknig er som ein prikk på ditt økonomiske rulleblad. Det gjer det vanskeleg å få lån, billeg mobilabonnement, og i enkelte tilfelle ikkje leige bustad. Du vert stogga i gjere enkelte ting i økonomien, fortel Hallgeir Kvadsheim, økonomisk rådgjevar i Luksusfellen.

I følgje ei undersøking gjennomført av Ipsos for DNB, er ikkje fire av ti unge klar over konsekvensane av ein betalingsanmerkning.

Dersom du unnlet å betala ved forfall går saka til inkasso og vert sendt vidare til namsmann, eller forliksråd. Då kan dei registrera betalingsanmerkning på deg.

Uattraktiv for bankane
I kredittsjekkar kjem betalingsanmerkningane fram. Dette gjerast dersom ei verksemd treng informasjon om du er kredittverdig, eller har betalingsevne. Det vert sjekka ved alle typar lån, kjøp på avbetaling, samt ein del abonnement, opplyser Datatilsynet på sine nettsider.

– Årsaka til at me sjeldan innvilgar lån til kundar som har betalingsanmerkningar, er at det er høgare risiko for banken, av di kunden har vist dårleg betalingsvilje eller betalingsevne, skriv Lars Ove Breivik, informasjonssjef i Sparebanken Vest, i ein e-post.

– Banken ynskjer ikkje å tapa pengar på slike kundeforhold, skriv kommunikasjonsrådgjevar i DNB, Vidar Korsberg Dalsbø, i ein e-post.
 

Gode kundar kan få lån
Dei store bankane seier ikkje nødvendigvis blankt nei, dei kan refinansiere og gjere avtalar i spesielle tilfelle, kanskje med gode kundar som uforskylda har hamna i økonomiske problem. Til dømes arbeidsledigheit, eller konkurs. – Gå til din gamle bank og spør, kanskje har dei tillit til deg, seier Kvadsheim.

Dersom du har fått ein betalingsanmerkning er sannsynet stort for avslag på lånesøknaden. – Du må i så fall forklara kvifor du har fått betalingsanmerkning, slik at banken kan gjera ei individuell vurdering, skriv Dalsbø.

Prøver du å få lån hjå din gamle bank og får avslag der, lyt du sjå deg om etter andre løysingar. Du må ikkje ta nytt lån for å verte kvitt dei andre.

– Ein kan gå inn på kvart enkelt lån, og prøve å få til ein avtale, men det er både krevjande og vanskeleg, seier Kvadsheim.