Politianmeldt lakseselskap – vil ikkje påverke framtidig handel

Publisert:21. februar 2018Oppdatert:21. februar 2018, 11:07
Lakseselskapa Ocean Quality og Bremnes Seashore er politianmeldt for eksport av sjuk fisk til Kina. Foto: Malin Nordby Kvamme

Bergensselskapet Ocean Quality AS har suspendert to tilsette etter at Mattilsynet avdekka eksport av sjuk laks til Kina. Verksemda er politianmeldt og varslar gjennomgang av rutinar.

Saman med lakseslakteriet Bremnes Seashore er Ocean Quality sikta for å ha eksportert laks med fiskesjukdomen PD til Kina. Noreg og Kina underteikna i fjor ein lakseprotokoll, der det kun kan eksporterast laks utan mistanke om sjukdomane ILA eller PD. Dette er eit klart brot på lakseprotokollen og selskapa er inntil vidare suspendert for vidare lakseeksport til Kina.

– Etter det vi veit i dag, har enkeltpersonar i selskapet, i strid med våre retningslinjer, bevisst gjenbrukt tidlegare eigenærklæringar. Dermed har Mattilsynet utstedt helsesertifikat til eksport av laks til Kina på feil grunnlag. Vi har eksportert laks til Kina som ikkje var godkjend for Kina, seier Styreleiar i Ocean Quality, Øyvind Fossøy.

Framtidig handel

Elisabeth Wilmann, direktør i avdeling for fisk og sjømat i Mattilsynet, fortel at dei ikkje kan gå i detalj om saka, då den er i etterforsking. Men seier at dette er ei enkeltståande sak som truleg ikkje vil påverke norsk lakseeksport eller vidare internasjonal handel. Det blir også konstatert at Mattilsynet no vil føre strengare kontroll på lakseeksport.

– Denne saka omhandlar eit fiskehelsekrav som spesifikt gjeld for eksport til Kina. Norsk laks blir eksportert til over 130 land. Derfor trur ikkje vi at den vil påverke omdømmet til norsk lakseeksport. Det at Mattilsynet har eit godt tilsynssystem og er handlekraftig er med på å byggje tillit til vårt system og dermed eksport frå Noreg, seier Wilmann.

Skjerpa rutinar

Ocean Quality seier at dei har vanskeleg for å forstå kvifor noko slikt kan ha skjedd, og opplyser at verken selskapet eller dei suspenderte har hatt økonomisk vinning på dette.

– I dei sju åra vi har hatt dagens rutinar har vi aldri opplevd noko liknande. Vi har nulltoleranse for slik oppførsel og beklagar på det sterkaste at det har skjedd, og sette umiddelbart inn tiltak for å rydde opp, og hindre at dette skjer igjen. Vi har suspendert to tilsette som etter det vi kjenner til i dag, har vore involvert i dette. Vi veit likevel at dei suspenderte no er svært lei seg for det dei har gjort. Vi er også opptatt av å ta vare på dei i denne tida.

Tek på seg fullt ansvar

Ocean Quality påpeikar at det er dei som har fullt ansvar og beklagar at Bremnes Seashore har blitt involvert i saka.

– Vi er takknemleg ovanfor Mattilsynet som oppdaga dette, slik at vi har fått moglegheit til å rydde opp. Etter det vi veit i dag er det kun tilsette i Ocean Quality AS som står bak dette, og vi beklagar på det sterkaste at andre selskap er dregne inn i denne saka. Vi beklagar sterkt også ovanfor Mattilsynet at dei på grunn av vår feilinformasjon har utstedt helsesertifikat på feil grunnlag, avsluttar Fossøy.