- Podkasten er ei rebelsk lillesøster

Publisert:23. februar 2018Oppdatert:6. september 2018, 10:07
Morten Hegseth og Vegard Harm er aktulle med livepodkast landet rundt.

Harm og Hegseth samanliknar podkastfenomenet med “Skam”; ein hemmeleg plattform der ungdommar kan skape sitt eige univers. Der kvir dei seg ikkje for å snakke fritt og vera seg sjølve.

Podkastfenomenet

Vegard Harm og Morten Hegseth er i vinden om dagen med utselde liveshow i Noregs største byar.

– Podkasten er viktig, for då blir folk kjend med oss, seier Hegseth.


Vegard Harm og Morten Hegseth. Foto: Malin Nordby Kvamme

På spørsmål om kvifor dei har valt å boltre seg gjennom podkast svarar han:

– Podkast er framleis eit format som er litt gøymt vekk. Det er ikkje tilgjengeleg for absolutt alle, og difor er det litt som ein hemmeleg stad for unge der dei kan kose seg i eit eige univers utan foreldre.

– Eg er enig i dette! skyt Harm inn.

Dei starta som programleiarar i VG-TV-serien “Panelet”, og sidan har fenomenet “Harm & Hegseth” berre vokse.

– No har me 100 000 nedlastingar i veka, og eg tenkjer at målet vårt er at me berre skal vekse og vekse, seier Hegseth.

Sjølv om dei ønskjer å vidareutvikle seg, må veksten skje på deira eigne og lytterane sine premissar.

– Me kjem ikkje til å bruke vg.no som ei flate for å trekkje trafikk, eller lage store reklameplakatar der. Det blir heller til å promotere på eigne sosiale medium, samt at folk som har høyrt podcasten sprer det som ein jungeltelegraf, forklarar Hegseth.

Målgruppa er unge vaksne, men dei har også lyttarar heilt ned i barneskulealder.

– Me lagar både podkast og TV, og i TV er publikumet vårt mykje yngre. “Panelet” har gjerne sjåarar ned i åtte-årsalderen, så det er veldig ungt. Men podkasten vil eg seie har ei målgruppe på jenter mellom 18-28 år, seier Hegseth.

Harm meina sjølv han ikkje kan nok om dette punktet, og vel difor å vente med å svare.

– Kan eg få ei kanne med sjølvtillit? spør han ironisk.

Eksplisitt språk

Sjølv om dei har publikum heilt ned i barneskulealder, er dei ikkje opptekne av å pynte på språket sitt.

– Du må hugse at eg så vidt har fullført vidaregåande, seier Harm.

– Eg vil sei eg har ganske rævva ordforråd, for eg bannar mykje.

Hegseth meina dei får mykje kjeft for å banne, men forklarar at dette er naturleg då dei pratar slik publikumet deira forstår.

– Det er dårleg språk, men det er det språket me eigentleg snakkar. Og då kan ein ikkje sensurere seg sjølv og prate veldig pent.

Harm samanliknar duoen med Anne Lindmo og peikar på kontrastane mellom dei.


Morten Hegseth og Vegard Harm. Foto: Malin Nordby Kvamme

 Det er ingen som snakkar slik som Lindmo, og slik me pratar er språket målgruppa vår forstår.

Hegseth seier dei gjerne skulle ønskje dei hadde ordforrådet til Lindmo, men at det ikkje er tilfellet. På spørsmål om kva dei tenkjer om at unge lyttarar også får med seg den eksplisitte språkbruken deira svara dei:

– De er deira problem. Når ein høyrer på podkast må ein følgje med, og om 12-åringar høyrer på oss og lærer seg kva fisting er, så må det jo skje noko, seier Harm.

Hegseth er einig.

– Podkasten er ein stad du faktisk må oppsøkje sjølv, noko du vel å høyre på. Difor blir ein automatisk fritatt frå ansvar, tenkjer eg.

Han meina sjarmen med podkastfenomenet er at det framleis er upløyd og rebelsk.

-Når podkasten blir for strigla og formatert, noko som kjem til å skje ein dag, så trur eg den kjem til å døy ut. Og så kjem det noko nytt.

Eksistensgrunnlaget til podkasten er at den er litt fucka.

Skal vekse seg større

Når det kjem til framtida har dei begge høge ambisjonar for seg sjølve og showet.

– Me skal gjere mange fleire liveshows, og det kjem til å bli mykje betre, gøyare og større! seier Harm.

– Eg tenkjer at podkasten som univers heile tida må utvikle seg. Kanskje det neste me gjer kan vera ei bok, eller eit blad? Det viktigaste for meg er at eg trivast i jobben, og at det heile tida skjer noko nytt, seier Hegseth.

Sofie Gåsvik var på showet i Bergen med venninnegjengen, og tykte det var veldig bra. 


Venninnegjengen klar for Harm & Hegseth. Foto: Ellen Eriksen.

- Showet var dritgøy, me lo i sikkert ein og ein halv time i strekk! 

Ho har sett alle episodane av “Panelet”, men har ikkje høyrt noko av podkasten “Harm & Hegseth”. Sjølv om underhaldninga var god, meina ho det var nokre ting dei tulla litt vel mykje med. 

- Dei tulla mykje med at Harm sjølv synest han er stor, dette synest eg varte litt vel lenge, seier ho. 

Anne Sofie Aamlid er enig med Gåsvik i at showet var underhaldande, men at nokre ting kunne blitt korta ned. 

- Eg er ikkje så kjend med verken “Panelet” eller podkasten deira frå før, men har fulgt med på Vegard gjennom Vine og Instagram, seier ho. 

Ho beskriv kvelden som hyggeleg med varierte innslag, og seier showet alt i alt var veldig bra. 

 Når det kjem til sjølve showet var det utruleg underhaldande! 

- Dei opna med ein “gladsong” og dans som vekka all merksemd i salen. Det var full latter og applaus gjennom heile seansen, seier ho.