Plast skal redda ryktet til busselskap

Publisert:23. februar 2018Oppdatert:1. mars 2018, 14:38
Hjulkransar FOTO: Eva Neteland

Tide hadde i 2016 fleire episodar der bussane deira mista, eller hadde lause hjul. No skal ein plastring hindra at dette skjer igjen.

Rune Mannseth, regionsjef i Tide. FOTO: Tide.no

skreiv våren 2017 om uheldige episodar der Tide mista hjul.

I løpet av knappe tre månadar på seinhausten og vinteren 2016, registrerte busselskapet sju hendingar,  med hjul som anten var lause, eller fall av. Det syner ei oversikt Bergens Tidende fekk innsyn i frå selskapet. I følgje Tide var dette uvanleg, og førte med seg ei opphoping av slike hendingar.

Mellom anna var ein buss på veg til Arna Terminal 3.oktober 2016. På veg gjennom Indre Arna løsnar begge dei venstre bakhjula, og fell av. Det fins fleire urovekkande eksempel. Bergens Tidende fekk inn bilete av ein tipsar som tilfeldig passerte ein Tide-buss. Då var berre fem av ti hjulmutrar att på hjulet. Halvparten hadde skrudd seg ut, og dotte av.

Fellesnemnaren for alle episodane var manglande ettertrekking av hjul etter montering, slik at mutrane skrudde seg ut og datt av, seier Tide til BT. Tide har no tatt fleire grep for å hindra at dette skjer fleire gonger.

Skjerpa rutinar
– Me har gått gjennom alle rutinane våre etter hendingane i 2016. Ei rutine er spesielt tatt tak i. Tidlegare vart hjulmutrane ettertrekka årleg, no vert dei det kvar tredje månad, seier Rune Mannseth, regionsjef i Tide.

Dersom eit dekk vert teke av ved til dømes bremseskift, veit me no at det har blitt ettertrukke, av di me dokumenterar det.

–Rutinane er innskjerpa, og me har innført eit system for å følgje opp at det skjer.

Plastkransar
Alle bussane i konsernet har no fått hjulkransar.

– Dette er ein krans i plastikk som står på samtlege hjulmutrar, og låser dei slik at dei ikkje klarar å skru seg ut, forklarar Mannseth.

Når ein tek dei av og på, kan slitasje i plastikken forekomma slik at kvaliteten svekkjast.

– For å sikra at funksjonen til hjulkransane er gode, er det innført interne reglar om at dei berre skal nyttast fire gonger, seier han.

Det har vore nokre tilfelle med avvik kor det har vore lause mutrar, men dette har blitt oppdaga i tide, i ettertrekkingane.

– Rutinane fungerar tilfredsstillande, avsluttar Mannseth.