Noregs ukjende OL-håp

Publisert:10. februar 2018Oppdatert:12. februar 2018, 17:43
Vinjar Slåtten er ein av våre store håp i kulekøyring. Foto: Privat

For første gong på 24 år stilte Noreg til start med ein mannleg kulekøyrar i OL. Vossingen Vinjar Slåtten (27) køyrte inn til ein 6.-plass i superfinalen.

Foto: Privat

Etter Kari Traa si storheitstid på kulekøyringsarenaen og lite merksemd rundt dei norske utøvarane, kan det sjå ut til at det byrjar å gå Noregs veg igjen. Hedvig Wessel og Vinjar Slåtten er Noreg sine lovande kandidatar.

– Det er veldig kjekt å få vere med i OL, det store målet for sesongen var å kome hit og vere med å kjempe om ei topplassering. No har eg alle moglegheiter til å gjere akkurat dette, sa Slåtten før finalen.

Alt ligg til rette

I fjorårets VM køyrte han inn til ein 7.-plass og gjorde sitt karrierebeste i VM-samanheng, og kan i tillegg skilte med ein 3.-plass frå verdscupen i 2012. Denne sesongen nytta han siste moglegheit til å vise at han er verdig ein OL-plass, der har kom til finalen og enda på ein 10.-plass i verdscuprennet i Canada.

OL-oppladinga har vore veldig god. Vi hadde ei bra samling i Åre før vi kom hit til Pyeongchang, der eg terpa på småting. Forma har vore stigande gjennom sesongen. Vi har berre hatt éin dag i OL-bakken til no, men det var ein veldig fin bakke, som passar meg bra, fortalte Slåtten.

Eit kjempeløft for norsk kulekøyring

Hovudtrenar i Voss Freestyleklubb, Joachim Strandborg er godt nøgd med Slåtten sin 6.-plass i finalen.

–  Dette er ein veldig bra prestasjon av Vinjar. Nivået der oppe er skyhøgt og ein må levere toppløp for å vere topp seks i OL. Det gjorde han i dag og er der oppe og kjempar. Synd med superfinalen, men alt i alt eit kjempeløft for Vinjar og Norsk kulekøyring, fortel Strandborg.

Ikkje berre toppidrett

Vinjar Slåtten er ikkje som dei fleste andre OL-utøvarane. I tillegg til toppidrettslivet har han ein mastergrad frå Norges Handelshøyskole (NHH), og arbeider no som konsulent i rekneskapsfirmaet Azets.

– Azets er veldig greie som let meg kombinere arbeid med ski. Det er ikkje akkurat slik at eg har ein åtte til fire-jobb, eg trur ikkje det er alle arbeidsgivarar som hadde tillate denne praksisen. Eg jobbar så mykje eg har tid og kapasitet til. Når eg er heime blir det ein del, når eg er på reise blir det noko mindre. Med nesten 200 reisedagar i året blir det periodar der det blir lite jobb og mykje trening.

Har trua på det norske laget

Også leiar av kulerådet i Norges Skiforbund, Ingvild Kvåle Bergesen, hadde stor tru på at både Slåtten og Wessel kunne vere med å kjempe i toppen.

– Både Vinjar og Hedvig har prestert på eit nivå som matchar verdstoppen. Dei har begge pallplass frå WC og har prestert i meisterskap. Vinjar fekk 7.-plass i sist VM, og Hedvig tok heim ein 5.-plass i same VM. Dette viser at dei har ferdigheitene som skal til for å gjere det bra. Med seg på laget har dei også tidlegare trenar til Kari Traa, Lasse Fahlén, som har god erfaring frå OL. Eg tenkjer difor at dersom dei får ut sitt beste når det gjeld, kan dei oppnå svært gode plasseringar, sa Bergesen før renna.

Finalen i kulekøyring for menn gjekk måndag 12. februar. Der tok Vinjar Slåtten seg inn til superfinalen og enda på ein 6.-plass, etter at han bomma på eitt av hoppa.