No blir det fem dagar med Bergenfest

Publisert:15. februar 2018Oppdatert:16. februar 2018, 15:12
Bergenfest i fjor. Foto: Tord Litleskare

Eitt band gjer at Vestlandets største festival utvidar med ein ekstra dag.

Queens of the Stone Age. Foto: Andres Neumann.
Nick Cave and the Bad Seeds. Foto: Global Publicy.

Rockedag

Under planlegginga av årets Bergenfest dukka det opp eit bandnavn som gjorde at festivalen vart utvida med ein dag til. Dermed går festen av stabelen allereie 12. juni. Andreas Lindborg og Ole Morten Algerøy er to av arrangørane for Bergen Live, som står bak festivalen.

– Queens of the Stone Age er eit band me har hatt lyst å ha på festivalen lenge. Når tysdagen var den einaste dagen dei kunne, utvida me festivalen med ein ekstra dag, fortel Lindborg.

Dette er den einaste konserten bandet skal ha i Noreg i år, og i høve bookinga på Bergenfest har arrangørane bygd ein “rockedag” rundt bandet. Med artistar som Rival Sons og Audrey Horne, og fleire i vente, forventar Bergen Live stor interesse for årets festival.

– Det er allereie solgt mange festivalpass, og dei som kjøpte earlybird-pass fekk plutseleg ein bonusdag, seier Algerøy.

Ingen prisauke på festivalpass

Sjølv om festivalen vart utvida, vart ikkje prisen på festivalpass sett opp.

– Mange kjøpte festivalpass før artistsleppet, dermed fekk fleire ein 5-dagarsfestival til 1500 kroner, seier Algerøy.

– Det er jo ganske sjukt! legg Lindborg til.

Likevel er nokre dagspass dyrare enn andre. Når Nick Cave and the Bad Seeds vart booka til onsdagen, sette dei prisen for den dagen opp. Algerøy fortel at det er ei unik oppleving å kunne presentere store internasjonale artistar for bergenspublikumet.

- Både Nick Cave og Queens of the Stone Age spelar for fleire titals tusen i Storbritannia og Tyskland, me tykkjer difor det er unikt å kunne presentere dei her for kun 9000, fortel han.

Norske artistar i fokus

Det er ikkje berre dei internasjonale artistane som skapar blest kring festivalen – artistar som Gabrielle, Kjartan Lauritzen og Cezinando skal også spele på Bergenfest. 


Andreas Lindborg og Ole Morten Algerøy frå Bergen Live. Foto: Amalie Fondenes Engesæter

– Det er sjukt mykje bra norsk musikk for tida, seier Algerøy. 

Lindborg beskriv det som kjekt å få presentere norske artistar for eit stort publikum.

– Me har fulgt artistar som Gabrielle i mange år, og det er kjekt å få presentert ho på den største scena i år.

Avhengige av frivillige

Med ein ekstra dag på programmet er dei frivillige svært viktige for festivalen, fortel Lindborg.

– Me er avhengige av om lag 400-450 frivillige kvart år, og i år er desse kanskje endå viktigare enn tidlegare, seier han.

Linn Jeanette Sæle har vore frivillig på Bergenfest to år på rad og beskriv opplevinga som svært kjekk og sosial. Ho arbeidde då med servering og sal av øl.

Det einaste negative ho har knytt til frivilligopplevinga er det uforutsigbare bergensvêret.

- Når ein jobbar ute i 10-12 timar er det lett å fryse dersom ein ikkje kler seg godt nok. Elles har eg ikkje noko å anna enn positive opplevingar med å vera frivillig, seier Sæle.