Lange ventelister for kjønnsskifte

Publisert:9. februar 2018Oppdatert:9. februar 2018, 14:24
Foto: Studentersamfunnet Bergen. Møteleder Johanna Ronneng Winther saman med overlege Anne Wæhre og Miriam Østrem.

Rikshospitalet mottok om lag 170 henvisningar frå unge under 18 som ønskjer å endre kjønn i 2017. Ventelistene for operasjonar er likevel lange, og Miriam Østrem valte difor å kjønnsopererast i utlandet.

Rikshospitalet er i dag den einaste offentlege instansen som gjer det mogleg å endre sitt fysiske kjønn. For at dette skal gjennomførast må ein først få diagnosen transseksualisme.  

– Det er ein psykiatrisk diagnose som inneber at ein har ei sterk kjensle, og eit stort ønskje, om å vera det andre kjønn, seier Wæhre.

I tillegg til opplevinga av å vera det motsette kjønn, må ein også ha kjønnsdysfori. Wæhre beskriv dette som ei liding knytta til å vera i den kroppen ein er fødd inn i.

Av dei henviste til Rikshospitalet som blir diagnostisert med transseksualisme er om lag 2/3 biologisk fødde jenter og resten biologisk fødde gutar. Overlegen fortel at tidlegare var fordelinga meir 50/50. Ho viser særleg til ei aukning dei siste 3 åra av biologisk fødde jenter mellom 14-17 år. Framtida deira beskriv ho som usikker.

– Me veit altfor lite om denne gruppa endå, og difor tenkjer eg at det er viktig at ein brukar god tid på utreiing og behandling.

Behandlinga

I dag tilbyr Rikshospitalet pubertetsutsettande- , samt hormonbehandling og kjønnskirurgi. For borna mellom 6-15 år er alternativet pubertetsutsettande seier Wæhre.

– Dette gir bornet bedre tid til å bestemme seg for om det ønskjer å begynne på hormon. I tillegg slepp ein stresset med å bekymre seg for å gå gjennom «feil» pubertet, fortel ho.

Når ein er fylt 16 år er det mogleg  å byrje med hormonbehandling. Miriam Østrem har gjennomført kjønnsskifte, men gjekk ikkje på pubertetsutsettande.

– Eg fekk byrje på hormon då eg var 15, og var veldig glad for at eg ikkje måtte vente endå eit år, seier Østrem.

For å få operere i Noreg må ein vera fylt 18, med andre ord kan ein gå på hormon i to år før ein har moglegheita til å gjennomgå kjønnskirurgi. Wæhre fortel at ventelistene likevel er lange, og at det kan ta opp mot 1-2 år frå ein har søkt om kirurgi til at ein får operere.

– Plastikkirurgane har mange andre oppgåver, så det kan fort gå nokre år med ventetid før ein får gjennomgå operasjon, seier ho.

Livet satt på vent


Miriam Østrem. Foto: privat.

Østrem meina at dette er noko som burde ha vore endra.

– For min del var eg sikker på at eg ville skifte kjønn frå eg var 11 år. Så då er det sjølvsagt kjipt å først få sette seg på venteliste når ein er fylt 18, seier ho.

Ho fortel at det er ein situasjon som kan skape mykje stress og at ho opplevde det var vanskeleg å komme vidare med livet.

Ho valte difor å reise til USA for vaginaplastikk.

– Eg tykkjer sjølve behandlinga med pubertetsutsettande og hormon er god i Noreg, men me ligg kanskje litt bak når det kjem til kirurgi, seier Østrem.

Kjønnsoperasjonar er dekka av staten dersom ein gjer dei i Noreg, men for dei som vel å operere i utlandet er dette ikkje tilfellet. Østrem trur det hadde gjort det lettare for fleire dersom ein også fekk dekka operasjonar i utlandet.

– Ein hadde vertfall ikkje måtta stått på ventelister over lengre tid.