Klagestorm etter prisauke

Publisert:7. februar 2018Oppdatert:9. februar 2018, 11:14

1. februar blei det innført nye prisar for kollektivtransporten i Hordaland, noko som vekka stor oppsikt blant dei reisande. – Vi har nådd smertegrensa, seier Sondre Båtstrand, gruppeleiar for bystyret i MDG Bergen.

Firebornsmor Solfrid Vatne Dale (31) blir direkte påverka av prisauke. Foto: Privat.
Hanne Alver Krum, sals- og marknadssjef i Skyss. Foto: Skyss.no

Prisane på periodebillett for vaksen, honnør og student auka med 3,4 prosent, noko som gjer Bergen til den dyraste storbyen i landet med 810 kr for 30 dagar periodebillett vaksen.  

Fryktar færre kjem til å reise kollektivt

MDG Bergen sin visjon er å bli Noregs grønaste by, og det er dermed svært viktig at innbyggjarane nyttar seg av kollektivtilbodet. Sondre Båtstrand, gruppeleiar for bystyret, meiner det har blitt for dyrt å reise kollektivt.

— Det skal lønne seg å leve miljøvennlig, og eg er bekymra for at det rett og slett blir for dyre billettprisar til at folk vil velge kollektiv transport.

Båtstrand trur at hyppigheit og avgangar er dei viktigaste faktorane som avgjer om folk vel å reise kollektivt eller ei, men avkreftar ikkje at pris også kan spele ei stor rolle.  

— Dette var dråpen

Firebornsmor Solfrid Vatne Dale (31) er ein av dei mange reisande som er avhengige av kollektiv transport for å ferdast rundt i byen.

— Politikarane er så opptatt av at alle skal nytte seg av kollektiv transport grunna miljøet, men dei oppnår det motsette når dei heile tida skrur opp prisar og fjernar rabattar.

Sjølv har Dale verken bil eller sertifikat, men hevdar ho har planar om å starte på billappen då dette vil lønne seg i lengda. 

Positiv passasjerutvikling

Trass dei stadig aukande billettprisane, vel folk framleis å reise kollektivt. Tal frå viser at kollektivtransporten i Noreg hadde 3,8 millionar fleire passasjerar i tredje kvartal 2017 enn i same kvartal året før, noko som svarar til ei auke på 2,6 prosent.

Skyss får hard medfart

Sjølv om det er Fylkestinget som vedtok prisauke, er det Skyss som har fått gjennomgå i form av irriterte nordmenn. Skyss grunngjev prisauke med at prisane blir justerte i takt med kostnadane til kollektivdrifta.

— Dersom billettprisane ikkje blir justerte i takt med kostnadene, må ein redusere kollektivtilbodet for å få budsjettet til å gå opp, seier sals- og marknadssjef Hanne Alver Krum.