– Ikkje berre mann 65 som kan hersketeknikkar

Publisert:22. februar 2018Oppdatert:22. februar 2018, 10:50
Då Sigrid Sollund skreiv bok om hersketeknikkar fekk Bergen Offentlige Bibliotek sine mest populære arrangement nokon gong. Foto: Malin Nordby Kvamme.

Vi kan ikkje berre leite etter mannen i dress på 65 år og tenkje at det er han som driv med hersketeknikk, meiner den offentlege debattens rockestjerne, Sigrid Sollund.

Sigrid Sollund. Foto: Malin Nordby Kvamme

«Grunnet vill interesse setter vi opp et ekstra foredrag med den offentlige debattens rockestjerne nummer 1: Sigrid Sollund.», stod det på facebookarrangementet til Bergen Offentlige Bibliotek. Aldri før har biblioteket hatt eit meir populært arrangement enn NRK-profilens bergensbesøk med boka «Hersketeknikker - nyttige og nådeløse».

Som programleiar i NRKs debattprogram Dagsnytt 18 ser Sigrid Sollund hersketeknikkar i full utfolding kvar dag. Etter bokutgivinga har ho selt fleire tusen bøker og helde eit tital foredrag landet rundt.

– Etter mange år i studio fekk eg auga opp for at hersketeknikkar var eit spennande tema. Eg fekk lyst til å skrive om det eg opplevde, men også vide det ut til å romme fleire typar hersketeknikkar. Mellommenneskelege forhold og maktkampar er slike ting som er evig aktuelle, og mange har kjent på kroppen. Vi driv med det og blir utsett for det alle saman, og derfor trur eg så mange er interessert i å lære om det også.

Like flinke damene

Tradisjonelt tenkjer vi på hersketeknikkar som noko menn gjer mot kvinner, men maktstrukturane har endra seg. Det kan vere ukomfortabelt og begrensande å bli tildelt ei rolle vi ikkje vil ha. Dette er tilfellet for både menn og kvinner.

–  Vi er like flinke damene og har mykje av det same vi kan ty til, og så er det nokre ting damer kan gjere, som kanskje ikkje menn gjer like ofte, og motsett. Men det kjønnsperspektivet heng også saman med makt og at det generelt tidlegare har vore mest menn som har hatt makta. No er det heldigvis i ferd med å jamnast ut. Vi kan ikkje berre leite etter mannen i dress på 65 år og tenkje at det er han som driv med hersketeknikk.

Eit stort problem

I det vi ikkje kjenner oss igjen i stereotypiane, må vi velje om vi vil kjempe mot dei og sei frå, eller berre la det gli forbi. Sollund legg ikkje skjul på at bruken av hersketeknikkar er eit problem.

–  Eg trur hersketeknikkar er eit stort problem for mange. I samband med boka har eg snakka med forskarar som peikar på at det er ganske mange som er redde for sanksjonar og negative reaksjonar, men dei kallar det ikkje for hersketeknikkar. Eg trur det er mange som kvir seg for å gå inn i ein offentleg debatt, fordi dei ser at det er så mykje stempling av kvarandre, kallenamn og ein set kvarandre i bås. Det er sjølvsagt også eit stort problem i mellommenneskelege situasjonar. Nokre er veldig flinke til å manipulere andre og dermed skaper usunne relasjonar.

Bevisst missforstå

Sollund fortel vidare at det er vanskeleg å seie noko kategorisk om korleis utviklinga av hersketeknikkar har vore, særleg fordi ho ikkje har vore like bevisst heile tida sjølv. Ho trekk likevel tydeleg fram at vi er blitt flinkare til å bevisst missforstå kvarandre, og at det er viktig at vi lærer om hersketeknikkar.

–  Eg trur vi er blitt meir kjappe til å bevisst missforstå kvarandre eller vrenge på det andre seier. Vi snakkar mykje om at det er blitt meir straumlinjeforma eller politikarprat. Det har blitt meir slik at vi har ei veldig vrangtolking av kvarandre. Ein vrenger på det andre seier, tillegg kvarandre meiningar og driv med stråmannsargumentasjon, fortel ho.

Vi er blitt meir kjappe til å bevisst missforstå kvarandre eller vrenge på det andre seier.

Statistikk frå Google Trends viser at søket på ordet «hersketeknikk» har hatt ein merkbar oppsving samtidig om som -kampanjen har stått på for fullt. Sollund trur ikkje dette er tilfeldig.

–  Eg trur temaet har blitt aktuelt samtidig som -kampanjen. Den sett fingeren på mykje av det same, men at ein då er veldig opptatt av denne seksuelle biten da. Slik at det har nok vore med på å heve bevisstheita og interessa ein god del.

– Kjempegøy at det kjem folk

Sjølv om Sigrid Sollund sine foredrag gong på gong fyller opp store salar, klarer ho ikkje å ta det store engasjementet heilt innover seg.

– Det følast litt rart eigentleg, då eg var i Bergen tidlegare var det også utruleg stor interesse. Eg gjekk rundt på biblioteket og høyrde på folk som var sinte fordi dei ikkje kom inn, men det måtte eg berre distansere meg heilt frå. Viss eg skulle begynt å tenke på at dei har kome for å sjå meg, hadde det føltes veldig rart. Men det er kjempegøy at det kjem folk da, det hadde vore veldig stusselig viss det ikkje var nokon interesserte, seier ho og ler.