Ikkje alle får hjelpa dei treng

Publisert:27. februar 2018Oppdatert:27. februar 2018, 12:51
Kjønnssymbolet for transseksuelle. Foto: Margrethe Miljeteig/NRK

Endringa av diagnosa “transseksualisme” fører til at personar med diagnosa ikkje lenger blir kategorisert som psykisk lidande. – Situasjonen i dag er absolutt ikkje bra nok, sier psykolog Elsa Almås.

Sjølv om endringa av diagnosa er ein positiv ting meina psykolog Elsa Almås at behandlingstilbodet i Noreg likevel er langt frå bra nok. For å få behandling i det offentlege systemet må ein i dag få diagnosa “transseksualisme”, dette inneber at ein ønskjer å skifte til det motsette kjønn enn det ein biologisk er. For mange som treng hjelp er ikkje dette situasjonen, meina Almås.

- Det er berre ein del av dei som treng hjelp som får diagnosa “transseksualisme”, seier ho.

Ho meina at sidan mange ikkje føler dei passar inn i diagnosa, så må dei gå til private klinikkar. I lag med ektefella Esben Esther Pirelli Benestad driv dei ein slik klinikk i Grimstad.

- Mi verksemd er spesialisert, og eg vil seie at me har mest kompetanse her til lands, seier Benestad.

 

Alternative behandlingsmetodar

I følgje Benestad hadde dei i 2016 over 140 individuelle klientar, der hen behandla 130 og Almås 13 av dei. Hen opplyser at dei, i motsetnad til Rikshospitalet, ikkje har motteke nokon klagar frå klientane.

- Dette er personar som opplev kjønnsinkogruens, og som eg har hatt 783 individuelle konsultasjonar med gjennom året.  

Dei følger dei såkalla MED- og LEON-prinsippa. Dette står for Minste Effektive Dose og Lågaste Effektive Omsorgsnivå. Dette er ein god måte å behandle klientar som ikkje nødvendigvis ønskjer store endringar, meina hen.

- Nokon ønskjer kanskje berre å få dekka prisen av ein parykk, andre ønskjer å starte på hormon, seier Benestad.

Gjennom dei ulike prinsippa slepp klientane å ta drastiske steg og gjennomgå store endringar, noko hen trur kan vera til god hjelp for mange som ikkje nødvendigvis ønskjar å gjennomføre genetalkirurgi.

Krev meir openheit


Ingun Wik. Foto: privat.

Benestad fortel om ei auking av menneske som søker kjønnsbekreftande behandling, både nasjonalt og internasjonalt.

- Eg veit ikkje kvifor denne aukinga har oppstått, men eg kan tenkje meg til at det er fordi samfunnet tillet meir, synsar hen. 

I tillegg har media spelt ei stor rolle i å auke bevisstheita kring tematikken, meina hen. Psykolog Ingun Wik er einig i at det er meir openheit kring tematikken, men meina at det framleis er ein jobb å gjere også der.

- Me treng meir informasjon ut til folket, og kanskje særleg til områda der barn og unge oppheld seg, seier ho.

Wik meina ein må anerkjenne variasjonen mellom menneske, og at ein treng meir openheit kring kjønnsdefinisjonar.

Ein treng meir openheit knytt til at det ikkje berre finst to kjønn.

 

Etterspør meir kunnskap

Miriam Østrem er sjølv kjønnsoperert, og meina det hadde vore lettare for ho gjennom


Miriam Østrem. Foto: privat.

oppveksten dersom dei andre rundt ho hadde meir kunnskap om kva ho gjekk gjennom.

- Eg har alltid blitt støtta, men aldri følt meg heilt forstått, seier ho.

Kunnskap kring tematikken står sentralt både for Wik og Østrem, og Miriam foreslår blant anna meir kjønnsfokus i seksualundervisinga.

- Transseksualisme er ikkje så mykje snakka om i seksualundervisinga på verken barne- eller ungdumsskulen, dette meina eg me treng meir av.

Ho foreslår å vise dokumentarar som “Født i feil kropp” og å snakke tidleg med barn om ulike kjønnsdefinisjonar, slik at det blir lettare for borna å forstå seg sjølv og andre.