Gir lån til "økonomisk avskilta"

Publisert:23. februar 2018Oppdatert:1. mars 2018, 14:37

Spesialiserar seg på kundar med betalingsanmerkningar.

Hallgeir Kvadsheim, økonomisk rådgjevar i Luksusfellen. FOTO: TV3/Rune Bendiksen

Bymagasinet har tidlegare skrive om konsekvensen av .

–Vår forretningsstrategi er å hjelpa folk som har litt vanskeleg og annleis økonomi. Difor innvilgar me lån til menneske med betalingsanmerkningar, seier Bo Kielland, banksjef i Bank2.

Banken sikrar lånet med pant i bustad. Om ein ikkje eig bustad får ein ikkje lån hjå Bank2. Dei samlar mange forbukslån og lausgjeld til eit stort lån, ei refinansiering og økonomisk opprydning der det kun er ei gjeld.

BlueStep bank har same strategi. Anten lyt ein ha pant i eigen bustad, eller medlåntakar sin. 

Generelt tap på kundane
– Som regel har kundane god betalingsemne og vilje. Sjølvsagt er det alltid nokon som ikkje betalar for seg. Generelt er det tap på desse kundane, men misleghaldet er noko høgere enn hjå andre huslånsbankar, fortel Kielland.

– Me tør å ta den risikoen, fordi me har sikkerheit i bustaden deira, seier Ida Flom, kundeveileder i BlueStep. 

Om dei ikkje betalar ynskjar Bank2 å få til ei frivilleg løysing. 

– For mykje gjeld over tid går ikkje an, då må huset seljast på tvangssal dersom dei ikkje vel å selja frivilleg, seier Kielland.

Siste sjanse
– Mange ynskjar å rydda opp i eigen økonomi. Difor er det godt bankar gjer det mogleg, sjølv om dei har betalingsanmerkningar. Rentene er ofte høgare, det er viktig å hugse på, samstundes tek dei gjerne pant i bustaden din. Det er ein viss risiko med det, forklarar Hallgeir Kvadsheim, økonomisk rådgjevar i Luksusfellen.

Bankane er relativt raske å sanksjonere om ein ikkje heldt forpliktelsane, dei har ikkje mykje tolmodigheit. Dersom du lånar nye pengar for å kvitta deg med gamal gjeld, vil bankane vere lite villege til å inngå avtalar med om du hamnar i problem igjen.  

– Det er ein siste sjanse, du må ha ein god plan kva du skal gjere med det nye lånet. Då kan det vere fornuftig, seier Kvadsheim.