Friskmeldt frå "psykisk liding"

Publisert:20. februar 2018Oppdatert:27. februar 2018, 12:52
Esben Esther Pirelli Benestad er nøgd med den framtidige endringa. Foto: privat.

Sidan 1992 har diagnosen “transseksualisme” vore oppført som ei psykisk liding i den internasjonale klassifiseringa av sjukdommar. Dette blir endra i mai, når det kjem eit nytt kapittel som omfattar kjønn og seksualitet.

Per dags dato er diagnosa “transseksualisme” oppført under kapittelet for psykiske lidingar og adferdsproblem.

- Det er ein kunstfeil å henvise transseksuelle til psykiatrien, meina lege og sexolog Esben Esther Pirelli Benestad.

- Ei kjempebra endring

ICD-kodeverket er den internasjonale statistiske klassifikasjonen av sjukdommar og beslekta helseproblem. I Noreg blir den blant anna brukt i rapportering frå speseialhelsetenesta. Det noverande kodeverket, ICD-10, er styrt av Helsedirektoratet og sto ferdig i 1992. No for tida arbeider WHO (Verdas helseorganisasjon) med ein omfattande revisjon av klassifikasjonen. Planen er at endringane skal vera innførte i løpet av mai i år.

Det er kome eit forslag om å endre “transseksualisme” over til samlingsdiagnosa “kjønnsinkongruens”. Det inneber eit manglande samsvar mellom det biologiske og opplevde kjønnet. Når den nye ICD-11 kjem er håpet difor at “transseksualisme” ikkje lenger skal bli sett på som ei psykiatrisk liding.

- Dette er ei kjempebra endring, seier psykolog Ingun Wik.

Frå psykiatri til sexologi

Fram til mai i år har “transseksualisme” stått under kapittelet for psykiske lidingar og adferdsproblem. Dette kan ha vore med å sjukeleggjere menneske som har fått diagnosa tidlegare meina psykolog Elsa Almås.

- Å vera transseksuell er ikkje ein sjukdom, men ein tilstand, meina ho.

- Det er viktig å ikkje behandle dei som psykisatriske pasientar, men at fagpersonar som har kunnskap kring emnet tek større del i behandlinga, meina Benestad.

Hen samanlinkar denne prosessen med å henvise pasientar med blindtarmsbetennelse til lungeavdelinga.

Wik meina det er på tide at sexologar kjem på bana i behandlinga av transseksuelle i Noreg.

- Det er dei som har kunnskapen, me må få til eit betre knytepunkt mellom medisin og psykologi, seier ho.

Lang veg å gå

Sjølv om diagnosa “transseksualisme” blir fjerna frå kapittelet om psykiske lidingar, meina både Benestad og Almås at det framleis er ein lang veg å gå.


Psykolog Ingun Wik. Foto: Privat.

- Det er ikkje alle som får diagnosa “transseksualisme” som kjenner seg att i ho, seier Almås.

Ho meina fokuset frå Helsevesenet er for stort på sjølve kjønnsskifte.

- Mange opplev at dei kan finne andre kjønnsløysingar, men dei treng tid for å finne ut kven dei er, seier ho.

Wik meina at ein har lettare for å leite etter psykiske problem ved seg sjølv dersom ein får ein psykiatrisk diagnose.

- Mange som opplev kjønnidentitetsforstyrrelser opplev også tilleggsutfordringar, men desse treng ikkje ha noko med diagnosa å gjere.  

Det er naturleg å få angst eller depresjon dersom ein opplev ubehag og negative kjensler knytt til kroppen ein er fødd i, meina ho.

- Det er viktig at ein jobbar parallelt med andre lidingar ein kan ha, og at ein ikkje må “fikse” andre problem før ein kan ta tak i kjønnsinkogruensen.

Wik meina endringa med den nye ICD-11 er meget bra, og ser fram mot å kunne spreie meir kunnskap kring kjønnsforstyrringar generelt.

- Mangfaldet er større enn me har visst om fram til no, og for mange er det livsnødvendig å få hjelp.

Ho håpar endringa kan føre til meir openheit og at ein ikkje lenger berre ser to kjønn i samfunnet.