Vulkanutbrot på den populære ferieøya - fleire tusen evakuert

Publisert:27. november 2017Oppdatert:27. november 2017, 16:45
HEVA TIL HØGSTE NIVÅ: Vulkanutbrota frå Agung på Bali, Indonesia, vart måndag heva til nivå 4 som er den høgste alarmberedskapen. FOTO: Skjermdump

Alarmberedskapen er no heva til høgste nivå.

Laurdag kveld norsk tid var det utbrot frå den indonesiske vulkanen Agung for andre gong på ei veke. Tidleg måndag morgon vart alarmberedskapen auka til høgste nivå. 

TVINGE FOLK TIL Å EVAKUERE
Myndigheitane i landet melder om at alle som er innanfor ein radius på ei mil frå vulkanen bør evakuere. Så langt har 40 000 evakuert, men der er framleis fleire titals tusen som ikkje har gjort det enno. Dei har valt å bli verande fordi dei føler seg tryggare i heimane sine enn andre stader.

– Om nødvendig må vi tvinge dei til å evakuere, seier talsmann Sutopo Purwo Nugroho frå katastrofemyndighetene på en pressekonferanse i Jakarta.

Det er no 4000 meter med aske over vulkanen på den populære ferieøya. Sist gong det var utbrot frå vulkanen, mista kring tusen menneske livet. Då var det jamne utbrot i nær eit års tid mellom 1963 og 1964.

– Risikoen for eit større utbrot er nært føreståande, melder Reuters

ALL FLYTRAFIKK STOPPA
Den internasjonale flyplassen på Bali ligg kring seks mil frå Agung, og er framleis stengt. Dette medfører at fleire tusen turistar står vêrfast, deriblant fire nordmenn.

– Vi har fire gjestar som skulle reist heim i dag. Dei har fått sms frå oss om at flyplassen er stengt. Vi tek vare på dei, og undersøker muligheitane for korleis dei kan komme seg heim, seier informasjonssjef Siri Røhr-Staff i Ving til NRK.

Vulkanen har sidan september i år hatt fleire små utbrot. Sidan då har fleire bebuarar nær vulkanen budd på evakueringssenter.