TV2 sin nye spenningsserie: ein flopp

Publisert:26. november 2017Oppdatert:26. november 2017, 15:01
HVOR ER THEA: Den nye spenningsserien til TV2 fell ikkje i god jord hos Bymagasinet sin anmeldar. FOTO: Skjermdump/Facebook

Det er openbart at TV2 har forsøkt å bli nye SKAM - utan å lukkast.

Det er 72 dagar sidan Thea forsvann. Kor har ho tatt vegen?

Thea (Ingrid Unnur Giæver) er romkamerat og bestevenninne til hovudpersonen i serien, Liv (Iben Akerlie). Etter Vibbefest på Parkteateret 16/09, forsvinn Thea sporlaust. Sidan då har ingen sett eller høyrt frå ho.

Datamaskin, mobil og andre saker er vekke frå leilegheita, og Liv står på bar bakke. Ho har meldt Thea sakna til politiet, men dei meiner at ingenting kriminelt har skjedd. Saka blir henlagt.

Dette er utgangspunktet i TV2 sin spenningsserie som har rullert på sosiale medier dei siste vekene - «Hvor er Thea». 

Liv tek etterforskinga i eigne hender. Ho oppretter ein blogg, der vi kan følgje med og kome med tips i saka. Med hjelp frå vennen sin, Guttorm (Martin Lepperød), er vi tilskodarar til etterforskinga gjennom videobloggar.

LITT VEL DRAMATISK - FEIL VIS
Visuelt sett vert serien portrettert med Liv sitt eige kamera. Det er meint å stå fram så reelt som mogleg, og allereie her feilar TV2. Tidlegare i oktober då kanalen sjølv promotere den nye serien, gjorde dei det ved å legge det inn i ei vanleg nyhetssending - og fekk det til å verke som om denne Thea er ein verkeleg person. 


FAKE NEWS: TV2 promoterer serien på feil måte ved å gjere den tilsynelatande meir realistisk enn nødvendig. FOTO: Skjermdump/Facebook.

TV2 klarar ikkje å få godt nok fram at dette er ein fiktiv serie - noko som fører til forvirring blant publikum. 

FORMIDLING VIA SOSIALE MEDIER
Etter SKAM sin triumf over heile verda, er det klart at seriar via sosiale medier har kome for å bli. Det er kjekt at TV2 kastar seg på ballen og brukar alle nettverk - både Instagram, blogg, Facebook og TV som formidlingsplattform for fiktive seriar.

Dei skal ha skryt for å gjere det realistisk, dei følgjer tida og vi som tilskodarar føler at vi er del av serien frå første stund. Likevel går det ikkje. TV2 har ikkje klart å lukkast med sosiale medier som formidlingsplattform. 

SKUFFANDE AV AKERLIE
Iben Akerlie, som speler Liv, har tidlegare bevist at ho er ein god skodespelar som har kome for å bli i norsk film- og TV-bransje. I denne serien derimot, skuffar ho.

Karakteren hennar er nok meint å framstå som ei desperat bestevenninne som vil gjere alt for å finne venninna si, men Akerlie si tolking går ikkje heim hos publikum. Ho verkar altfor naiv og umoden, og vel overdramatisk. 

BETRE LUKKE NESTE GONG
Hadde denne serien blitt vist fram som ein vanleg TV-serie, med ein “normal” dramaturgi, er eg overbevist om at serien hadde blitt meir spanande. 

Terningkast: 3