Tilsett ved UiB fekk bli i jobben trass ti år med klagar

Publisert:27. november 2017Oppdatert:27. november 2017, 16:36
KLAGAR GJENNOM TI ÅR: Mannen, som er anklaga for uakseptabel oppførsel og seksuell trakassering, er tilsett ved det Humanistiske Fakultet ved Universitetet i Bergen. FOTO: Wikimedia Commons

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, legg seg flat.

Dette melder Bergens Tidende.

I dagens førstesideoppslag i BT kjem det fram at ein tilsett ved Universitetet i Bergen (UiB) har fått behalde jobben trass i fleire klagar mot han dei siste ti åra. Fleire av desse klagane har hatt med seksuell trakassering å gjere. 

I ein artikkel frå universitetsavisa på Høyden for to veker sidan, var Olsen klar på at det aldri har vore tilfelle av seksuell trakassering ved UiB. Likevel har elleve sakar om seksuell trakassering dei siste ti åra vore behandla av HR-avdelinga ved universitetet.

- FOLK ER BLITT LETT KRENKBARE
Den aktuelle tilsette det gjeld, skal ha hatt i oppgåve å undervise fyrsteårsstudentar ved det Humanistiske Fakultet. Han fekk klage mot seg om uakseptabel oppførsel allereie sist i mai i år.

«Det er bare en person som passer denne beskrivelsen på HF. Både jeg og flere andre medstudenter klaget formelt på ham når vi hadde ham i ex-phil. Det er jo nesten en sensasjon at han ikke har fått noen reaksjon tidligere. Jeg ble forespeilet av UiB at dette skulle sees nærmere på da jeg klaget på ham, noe det ikke ser ut som om de har gjort», skriv ein BT-brukar i kommentarfeltet.

Den aktuelle førelesaren, som for tida er sjukemeldt, seier til BT at han aldri har utført seksuell trakassering mot studentar eller tilsette ved fakultetet gjennom sine 27 år som tilsett ved universitetet.

Han slår fast at han ikkje er ein «mini-Weinstein», men at han kanskje kunne vore meir forsiktig i ordlegginga si.

– Eg vekslar mellom å vere streng skulemeister og klovn, og bruker gjerne saftige døme for at studentane skal hugse poenga. Men folk er blitt så lett krenkbare, seier han til BT.

FORMELL ORDENSSTRAFF
Saka kjem fram i lys av at BT har fått innsyn i ein utredingsrapport frå UiB. Her kjem det mellom anna fram at mannen vart utestengt frå fakultetet i 2013 for dårleg oppførsel, samt at han har vore uakseptabel i møte med studentar.

Førelesaren fekk ein formell ordensstraff etter klagen i mai, noko som kan føre til tap av ansiennitet.

– Det er sterkt beklageleg og heilt uakseptabelt, seier rektor Dag Rune Olsen.