#SnapchatDown

Publisert:6. november 2017Oppdatert:6. november 2017, 23:18
SNAPCHAT NEDE: Snapchat jobbar med å finne ei løysing på problemet. FOTO: Skjermdump/Twitter.

Måndag kveld kunne tusenvis av Snapchat-brukarar melde om at dei har problem med Snapchat.

— Vi er på saken, melder Snapchat på sin Twitter-konto, .

Dei jobbar no på spreng saman med Google om å fikse problemet så snart som råd. Dei ber også brukarane om å ikkje logge ut av appen, og vente til den er oppe og går som normalt.

Snapchat er ein av verdas mest populære appar. Då appen måndag kveld slutta å fungere, var det fleire brukarar som la ut sin frustrasjon på Twitter under emneknaggen

Dei fleste som har nytta emneknaggen til no, er mest bekymra over sine såkalla “streaks”, som er ei oversikt over kor mange dagar i strekk ein har sendt snaps til og frå ein ven.