Har laga sko av plast frå havet

Publisert:27. november 2017Oppdatert:29. november 2017, 16:26
100% PLAST FRÅ HAVET: Denne skoen er laga av plast funne i havet og på strender. Dette er del av eit samarbeid mellom motegiganten Adidas og miljøorganisasjonen Parley. FOTO: Skjermdump/Adidas

Adidas har i haust skilta med ein heil motekolleksjon laga av plast frå havet. Leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, er positiv til tiltaket.

TRUR PÅ BÆREKRAFTIG MOTE: Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender, er glad for at fleire motekjedar går ein meir miljøvennleg veg - men slår fast at det er viktig at heile produksjonen er klimavennleg, ikkje berre delar av den. FOTO: Renate Madsen/Pressefoto

Sport- og motegiganten Adidas har inngått eit samarbeid med miljøorganisasjonen Parley. Kolleksjonen, som òg har fått namnet «Parley», har eit breitt utval av både sko, klede og badetøy.

Fellesnemnaren er at alt er laga av plast frå havet. 

FOR Å HINDRE FORUREINING
På sine eigne nettsider skriv Adidas bakgrunn for kolleksjonen er å delta i kampen mot plastforureining. Dette er leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, svært glad for.

–Det er veldig positivt at aktørar innan tekstil- og skotøybraosjen utforsker måtar å leggje om til ein meir sirkulær økonomi, som å bruke resirkulert plast som Adidas har gjort i haust, seier Riise.

I EU aleine vert 25 millionar tonn plast kasta, og under 30 prosent av dette blir resirkulert.

– Her er det openbart at det er eit stort potensial for å resirkulere meir, og det er viktig at store produsentar går fram som gode eksempel, seier ho.

VEG TIL Å BLI TRENDY
Andre motegigantar, som til dømes Hennes og Mauritz (HM), har òg gjort lingnande tiltak. Tidlegare i år kunne HM by på ein heil kleskolleksjon der kleda var laga av resirkulert plast frå havet.

Dei siste åra har det kome meir og meir fram i media om plastforureining. Riise meiner at dei fleste er sjokkerte over å finne ut kor mykje plast det eigentleg er i havet og trur fleire vil vere med på å motverke utviklinga.

Ho trur bærekraftig mote er på veg til å bli ei trend.

– Det er klart at kleskjedane veit å spele på ønskjet om eit mindre forureina hav, og det er heilt riktig og viktig at kjedane legg om til meir gjenbruk og resirkulering i sine produksjonar.

SIKRE BÆREKRAFT OG ETIKK I BRANSJEN
Likevel slår ho fast at det er viktig at heile produksjonsfasen til motekjedane må skje på ein miljøvennleg måte.

– Attvinning kan òg bli utført på lite bærekraftige måtar, som ved auka vatn- og kjemikaliebruk i prosessen. Her er det ein del fallgruver.

​– Ser du negative sider ved å ha slike miljøvennlege prosjekt?

– Eg ser ingen negative sider ved prosjektet isolert sett, men eg vil påpeika at det er viktig at Adidas jobbar heilheitleg med å sikre bærekraft og etikk i produksjonen sin. Det er bra at dei har igangsett dette prosjektet, men samstundes må dei jobbe vidare med å fase ut miljøskadelege stoff som PFAS og antibakterielt sølv.

Adidas Skandinavia har valt å ikkje kommentere saka.