Forfriskande frå Bjørn Eidsvåg

Publisert:14. november 2017Oppdatert:16. november 2017, 13:13
«DROP THE MIC»: Bjørn Eidsvåg innfridde på scena tysdag. Mellom musikalsk magi, er det mange gode «punchlines» som gjer at vi framleis kjenner det i lattermusklane. FOTO: ERIK BERG.

Redd for kvinna, og forferdeleg oppteken av jomfruhinna? Dette var høgdepunkta.

Kven er eigentleg denne Jesus? Dette utforskar Bjørn Eidsvåg i si nyskapande førestilling «Etterlyst: Jesus».

I byrjinga av førestillinga gir han imidlertid andre høve til å besvare det store spørsmålet. Over skjermen får vi ulike oppfatningar av kven Jesus er, frå både religiøse og ateistiske kjende personar.

– Jesus er den venen som tek rekninga når vi er ute og eter. Alle treng jo den Jesusen! seier komikar Else Kåss Furuset.

Blant relativt politiske korrekte svar, set derimot Furuset sin replikk standarden for førestillinga. Det er lov til å le, sjølv om det er ein prest som står på scena.

MØTE MED NYE JESUSFIGURAR
Det er forfriskande å høyre ein prest så tvil ved det han sjølv seier framfor ein meinigheit under ein gudsteneste. Mange av oss, både kristne som ateister, har vel stilt spørsmål ved enkelte ting når presten preiker, og undra oss «trur du eigentleg på alt det du står og seier no?».

– I barndommen var Jesus god og nær, han var øvst i hierarkiet og sjefen over alle sjefar, fortel Eidsvåg om den Jesus han vart kjent med under sin bedehusoppvekst i Sauda.

19 år gammal flytta han til Oslo for å studere teologi, og der møtte han nye versjonar av Jesus. Han vart overraska, for han var jo vant til ein relativt «kul» Jesus. 

Brått oppdaga han at det eksisterte fleire Jesusfigurar - både den homofobe Jesus, den kulturhatande Jesus og plutseleg var der òg ein Jesus som var for overgrep i det skjulte. Kor mange Messiasar skulle der eksistere?

– Trass i alt dette, så vart eg altså prest, seier han ironisk.

  Onani, onani, eg dreiv med sånt svineri. Ikkje ein dag gjekk fordi, utan at eg satt av litt tid.

– Dei fleste vel seg den Jesus dei vil ha. Det finnast positive Jesusar og dei Jesusane som er produkt av eigne fordommar, påpeikar Eidsvåg.

PUBLIKUMSFAVORITT
I heile haust har han spelt for fulle salar i Oslo. Tysdag 14. november var det duka for premierefest i Bergen. Her blir han fram til 2. desember, før turen går vidare til resten av Noreg i søken etter Jesus.

Framfor ein fullsett sal på Den Nationale Scene i Bergen, framførte Eidsvåg, skodespelar Svein Tindberg og hans faste band ei god blanding av komedie og djupt alvor om religion.

– Bli gjerne med og syng! oppfordrar Eidsvåg.

– Dette er ein test på kor vi har publikum. Eg trur vi må vere litt forsiktige i kveld, legg han til når han oppdagar at allsongen ikkje er heilt på grensa. 

Trass i laber synging frå publikum, har han dei likevel med seg heile vegen. Latter og anerkjennande humring er til stades frå start til slutt.

Responsen tyder på at mange i publikum seier seg einig med Eidsvåg når det kjem til spørsmål om kva innan religion vi eigentleg skal tru på.

TOK SEG ALLTID TID TIL ONANI
Som alle andre, har Eidsvåg òg vore tenåring. Dette dedikerte han ein heil song til, med tittelen Onani.

«Onani, onani, eg dreiv med sånt svineri. Ikkje ein dag gjekk forbi, utan at eg satt av litt tid. Då var det bare å håpe på eit under, at gud ei lita stund nokre sekunder… var opptatt på eit ganske annet hold, og såleis ikkje hadde heilt kontroll» låt det frå scena.

– Då var det ikkje lenger så stas at Jesus såg over alt.

Dette vart motteke med ein rungande latter, frå både pensjonistar og studentar.

Allereie i tenåra gjekk det opp for Eidsvåg at ikkje alt kan tolkast litterært. Her kjem det sentrale spørsmålet som går igjen gjennom heile førestillinga - kven er Jesus?

– Er Jesus redd for alt som pustar, har han seksuell angst? spør han.

TAKK, EIDSVÅG!
«Forestillingen var så god at den en gang i tiden kunne blitt forbudt», seier Dagsavisen i si anmelding av førestillinga.

Når vi høyrer menneske tvile på dei tinga han tek opp i vår tid, kjem det ofte frå kjende religionskritikarar eller berre frå mannen i gata som ikkje er religiøs. 

Sjølv for oss, som studentar i eit sekularisert Noreg, var denne førestillinga ei fryd å få med seg. Vi lo ikkje av han, men med han.

Eidsvåg tek opp poeng humoristisk så vel som kritisk - og vi sit att med eit håp om at der er fleire prestar som han der ute.

Tindberg gjer ein formidabel jobb som altmoglegmann - både som musikar, skodespelar og scenearbeidar. 

Eidsvåg tek seg sjølv og religionen uhøgtideleg - og godt er det!

– Det eg veit, er at det er mykje eg ikkje veit. Men finnast det ein himmel, så håpar eg dei opnar den for dei som har hatt eit helvete på jord, slår han fast.

Terningkast: sex