Dette bør du vite om depresjon

Publisert:27. november 2017Oppdatert:27. november 2017, 16:53

Psykiater Andreas Landsnes forklarar korleis du kan vite om du eller ein du er glad i lid av sjukdommen.

I følgje helsedirektoratet opplever mellom 6-10% av befolkninga i Noreg ein depresjon i løpet av eit år. Andreas Landsnes, overlege på psykiatrisk i Sandviken, forklarar at depresjon har ein nokså snever definisjon. Dersom ein grublar på om ein er deprimert eller ikkje kan ein telle symptom.

– Me deler gjerne depresjon inn i tre gradar; lett, moderat og alvorleg. Kor deprimert ein er baserar ein på kor mange av hovudsymptoma og tilleggsymptoma ein opplever subjektivt.

Dei tre hovudsymptoma er ein subjektiv oppleving av gledesløyse, lite initiativ og nedstemtheit. Tilleggsymptoma inkluderer nedsett appetitt, problem med søvn, angst, sjølvbebreiding og sjølvmordstankar. Likevel kan det vere vanskeleg, spesielt for pårørande, å merke om den ein er glad i opplever desse symptoma. Landsnes peiker på at det er mange deprimerte som er flinke til å skjule at dei er deprimerte.

– Om du spør folk korleis dei har det vil folk seie at dei har det fint, nesten uansett.

– Om du spør folk korleis dei har det vil folk seie at dei har det fint, nesten uansett.

AKTIVITETSNIVÅ

Dersom du er bekymra for nokon rundt deg, meiner Landsnes at det enklaste symptomet å sjå som pårørande er aktvitetsnivået til den enkelte. Du kan sjå på kva dei gjer - om dei gjer mindre enn dei pleier å gjere, og om dei sit mykje inne utan å eigentleg gjere noko.

– Det er typisk for depresjon at ein kan ta seg saman i visse settinger. Eg har vore ute for nokså alvorleg deprimerte som har gått på jobb og fungert godt, men som sviktar heilt når dei kjem heim. Det er ikkje så lett å sjå det på folk, men det er ikkje slik at dei fungera over heile linja. Då er du ikkje deprimert.

Sjølve definisjonen på depresjon er at det går ut over funksjonsnivået ditt. Ein kan ikkje få nokon psykiatriske diagnosar utan at det går ut over din evne til å fungere i livet. Om du fungerer fint på jobben, fungerer fint sosialt og går på fest på kvelden, er du ikkje sjuk.

– Det er mange som meiner at Donald Trump har ein psykiatrisk diagnose, men funksjonsnivået hans er heilt fint. Han er jo blitt president og alt mulig, seier Landsnes.

– Det er mange som meiner at Donald Trump har ein psykiatrisk diagnose, men funksjonsnivået han er jo heilt fint. Han er jo blitt president og alt mulig, seier Landsnes.

DEN SINTE MANNEN

Landsnes forklarar at om lag 20% av alle kvinner får diagnosen deprimert gjennom livet, mot 10% av alle menn. Han meiner likevel ikkje at dette betyr at kvinner er meir utsette enn menn.
– Eg trur menn er underdiagnostiserte. Menn kan kome inn og vere fly forbanna og veldig aggressive. Kvinner er ikkje sånn. Kvinner er full av skuld, forklarar han.

Landsnes påpeiker at kvinner er flinkare til å søkje hjelp på rett stad enn menn. Kvinner har ofte eit betre sosialt nettverk med personar rundt dei som kan hjelpe. Menn søkjer oftare hjelp i sinne og rus. Menn er óg overrepresenterte på sjølvmordsstatistikken allereie i 20-årsalderen, og har ein jamt høgare stigning ut livet.


Overlege Andreas Landsnes. Foto: Thea Kristín Halsnes Johannessen.

– Spesielt menn i pensjonistalderen er utsette for å ta sitt eige liv. Ofte vert dei sittande åleine, utan jobb og utan nokon aktivitetar. Me må ta vare på dei gamle menna i samfunnet, seier Landsnes. 

LIVET SKAL SVINGE

Det er ikkje så godt å vite kva som er depresjon og kva som er naturlege svingingar i humøret. Landsnes peiker på at sosiale mediar kan gi eit feil bilde av verkelegheita. Det kan vere lett å få inntrykk av at det skal vere greitt og fint heile tida.
– Om ein ikkje har drukke kvitvin i solnedgangen, vore på ein topptur eller ti, eller i London på shopping i det siste så er du heilt mislukka.

For Landsnes er det viktig at ein huskar at det er meininga at livet skal svinge. Livet skal ikkje berre vere solskin heile vegen.

– Vi skal ha motvind og regn i livet, sånn er det. Ein må finne seg i at livet kan vere kjipt av og til, seier han.