- Alle har eit forhold til Gud, Jesus og Dr. Phil

Publisert:28. november 2017Oppdatert:30. november 2017, 08:22
KVEN ER NINNI? Bli kjent med kunststudent, frilansar og hundeelskar Ninni Nyhus i dagens portrett. FOTO: Hannah Løke Kjos

… og derfor likar Ninni Nyhus å lage videokunst av desse karakterane. Bli kjent med kunstnarspira i dagens portrett.

Far og søster er teiknar, mor er diktar og barnebokforfattar og bror er 3D-animatør og teiknar. Ikkje overraskande er det at Ninni har gått den same, kreative vegen.

No bor Ninni i Oslo saman med kjærasten sin, Odin. Saman har dei to hundar; Rosin og Daddel.

Du kjenner ho kanskje frå hennar fargerike Instagram @McZaint, eller så har du kanskje hatt ho på øyret gjennom podcasten «Venninna di».



FOTO: Privat

Då Ninni var ferdig med vidaregåande, pakka ho kofferten og flytta frå pikerommet på Tjøme til fordel for Oslo og studiane.

– På vidaregåande sydde eg sinnsjukt mykje klede. Det var ei intens interesse, og eg laga gjerne tre-fire plagg om dagen. Eg hadde ikkje lyst til å dra på folkehøgskule, så eg søkte meg inn på klesdesign på Kunsthøgskulen i Oslo (KHiO) og film&tv på Westerdals.

Etter at Ninni fekk beskjed om at ho hadde fått innvilga plass ved Westerdals, bestemte ho seg for å droppe opptaksprøva ved KHiO.

– Eg visste eigentleg ikkje kva eg søkte meg til på Westerdals. Det var veldig spontant og eg sendte inn opptaksprøva dagen før fristen. Då eg skjønte at det i tillegg var vanskeleg å komme inn på studiet, var det ekstra digg å komme inn, seier ho og ler.


Dette skulle vise seg å medføre ei ny, brennande interesse.

– Vi gjorde eigentleg ikkje så mykje fyrste året. Eg var 19 år gammal, hadde flytta heimanfrå og undra meg eigentleg litt over kven eg eigentleg var. Det var eit typisk «finne seg sjølv»-år.

Vi er i 2014, og Ninni har fullført to av tre år på Westerdals. sommarferien kjem, og ho startar å leike med eit videoredigeringsprogram heime hos foreldra på Tjøme. Ho begynte å lage kreative, grafiske videoar og bestemte seg for å lage ein eigen Instagramkonto for desse videoane. Slik blei @McZaint til.

– Brått hadde eg fått ei ny superintens interesse og eg lagde og lagde og lagde og lagde. Med tida blei dette bachelorprosjektet mitt òg, faktisk.

I dag har instagramkontoen hennar over 8 000 følgjarar.

Det var tilfeldigheitar som skulle føre til at ho og Odin blei eit kjærastepar for nokre år sidan.

Odin Eriksson hadde på den tida programmet «Uaktuelt» på VGTV saman med Amir Amadeus Asgharnejad.

– Ein eg heldt på med på det tidspunktet viste meg


MCZAINT: Ein finn alt frå morosame videoar til kunst på Ninni sin Instagram. FOTO: Skjermdump/Instagram

«Uaktuelt». Eg synest det var eit utruleg artig program, og sidan Odin ikkje har Instagram, så begynte eg å følgje Amir. Dette førte til at Amir fulgte meg tilbake.

Det Ninni ikkje visste på dette tidspunktet, var at både Amir og Odin etter dette begynte å sjå på videoane hennar.

– Så gjekk det litt tid, og eg var ute ein kveld. Tilfeldigvis møtte eg på Odin. Den kvelden kom vi veldig godt overeins, og vi utveksla mailadresser. Dagen derpå sendte eg han eit bilete der eg hadde photoshoppa han inn i munnen min. Det gjekk nokre timar, og så fekk eg ein Mail tilbake. Då hadde han printa ut eit bilete av meg og rekonstruert ein video eg hadde laga – berre i fysisk form!

Etter dette haldt dei fram med å sende videoar og andre ting til kvarandre over mail. Då Ninni var på reise til Slovenia og Asia, utveksla dei brev. Dei vart saman med ein gong ho kom heim frå ferie.

– Det beste som har kome ut av McZaint er at eg møtte Odin, seier Ninni bestemt.

Etter fullført bachelorgrad i film&tv og eit par år som frilansar, har ho no starta på bachelorprogram ved Kunstakademiet på KHiO.

– Eg er i stadig utvikling, og no har eg sett av tre år til å utvikle meg på Kunstakademiet. Eg føler litt press på å måtte lage litt meir «kunstete kunst» no.

Kunstakademiet er eit studie som opnar for frie tøylar, ein skal få høve til å kunne utforske kunst på eigne premiss. I løpet av dette semesteret har ho allereie prøvd ut ulike kunstformer, og det ser ut til at ho landar på ein kombinasjon av det ho alltid har drive med – sying og video kombinert til ei unik form for performance-kunst.

Ho slår fast at det ikkje treng å vere så perfekt, og kunsten kan gjerne vere lettvint.

– Kunsten min er ikkje nødvendigvis rein, men den er tydeleg, uttrykksfull og umiddelbar. Det er derfor eg synes det er kjekt med denne forma for kunst. Folk får sett den utanfor eit kunstgalleri – dei får kunsten inn i Instagram. Eg vil ikkje vere så innmari høgtideleg.

Ein treng ikkje sjå mange av videoane
til Ninni før ein forstår at Dr. Phil er ein sentral karakter i kunsten.



FOTO: Privat

Kva er eigentleg greia med deg og Dr. Phil?

– Eg har aldri sett på Friends, Full House og andre populære Sit Coms som barn, men eg såg ein del på Dr. Phil. Eg føler at alle har eit eller anna forhold til Dr. Phil. Han er veldig typete; han er smart, men samtidig er han dum. Han er skummel og snill, seier ho og ler.

Det same meiner ho om andre kjente namn.

– Kristen eller ei, så har ein òg eit eller anna forhold til kristendommen. Eg føler rett og slett at alle har eit forhold til Gud, Jesus og Dr. Phil. Derfor er det gøy å bruke dei i videoane mine.

Ved sidan av frilansjobb og studiar, driv Ninni podcasten «Venninna Di» saman med venninna si Malin Nesvoll Vangsnes. I starten dreiv Malin podcasten aleine, men etter ein episode der Ninni var gjest, blei ho òg med på laget.

– Det er veldig godt å ha podcasten. Der treng eg ikkje å vere særleg kreativ eller rar, vi berre pratar. Det einaste som er planlagt er tema og lengde på episoden. Det er behageleg å ha ei greie på sida som ikkje er superalvorleg – men som òg har sette rammer.

– Det er berre to ting eg er sikker når det kjem til framtida mi – eg har lyst til å bli gravid, og eg skal framleis vere saman med Odin.