Kjære regjering, kva er problemet med frivilligheit?

Publisert:12. oktober 2017Oppdatert:14. oktober 2017, 17:56
SLUTT PÅ STUDIETURAR? I 2015 fekk eg høve til å reise til Gambia for å sjå på samarbeidet mellom 4H Norge og 4H Gambia. Om neste års statsbudsjett vert godkjent, fryktar eg at det blir slutt på slike lærerike studieturar. FOTO: Vilde Midtbø Ulsten.

I lys av forslag til det nye statsbudsjettet kjem det no fram at Finansminister Siv Jensen ønskjer å kutte all støtte frå Landbruksdepartementet til 4H Norge.

For omlag ti år sidan hadde eg mitt fyrste møte i Neptun 4H i heimbyen min, Florø. Det var kalla inn til årsmøte, og som ny i klubben sat eg der, litt nervøs. Nye styremedlem skulle veljast inn til alle verv, for i 4H er det barn og ungdom som skal stå for styrepostane – dei vaksne er klubbrådgivarar og tilrår med hjelp der det er behov.

Leiar blei valt, nestleiar blei valt, varamedlem og kasserar – men ingen stilte som sekretær. Ingen meldte seg, det vart stille. Nervøs som eg var, beit eg tenna saman, og stilte til val som sekretær, uvitande om kva vervet eigentleg gjekk ut på. Lite visst eg at dette skulle bli starten på eit eventyr eg framleis er del av.

Vi lovar å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse. Det er dette dei fire H-ane i 4H står for.

4H er ein livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig organisasjon som jobbar for å fremje samfunnsengasjerte ungdommar med respekt for menneske, dyr og natur. Her skal barn og unge ha ein fristad for å gjere det nettopp dei liker, ved å gjere. Derfor har medlemmane årleg individuelle prosjekt der dei jobbar med nettopp det dei sjølve ønskjer å gjere. Årleg vert det arrangert regionale, nasjonale og internasjonale kurs, reiser og leirar der medlem frå 10årsalderen og opp til vaksen alder får vere sosiale og lære ved å gjere.

Ved det blå skiftet for fire år sidan møtte 4H Norge ei av sine største utfordringar så langt. Økonomisk stønad til frivillige organisasjonar vart kraftig nedprioritert, deriblant til 4H Norge. Dei siste åra har vi bygd opp at organisasjonen frå botnen av, med langt mindre statleg stønad enn kva vi har vore vande til. Dette arbeidet ser ut til å vere forgjeve dersom Regjeringa får godkjent Statsbudsjettet for 2018.

4H Norge er i dag, saman med andre frivillige organisasjonar som NOAH, Dyrebeskyttelsen og Norges Bygdeungdomslag, statleg finansiert under Landbruksdepartementet. I 2016 var det sett av 30 millionar kroner til dei frivillige organisasjonane, der 4H Norge var støtta med 7,1 millionar kroner. Torsdag kom det fram forslag om at all støtte til desse organisasjonane skal fjernast. Dette er hårreisande.

Får regjeringa gjennomslag i forslag om å kutte heile post 1138 Støtte til organisasjoner, vil ikkje dette berre råke 4H Norge, men også 32 andre fantastiske organisasjonar som kjempar for dyrs rettigheitar, kunnskap om jordbruk og menneske for å nemne noko. Er det slik vi vil ha det? Ei regjering som kuttar i aktivitetar for barn, unge og vaksne i ei næring som treng det så sårt?

Kvifor post 1138 ønskast fjernast, vert grunngjeve såleis: ”Drifta av frivillige organisasjonar bør skje sjølvstendig, og ikkje vere avhengig av årlege statlege overføringar. Landbruks- og matdepartementet legg difor opp til å avvikle ordninga”. Jaså? Kva då med private bedrifter, eller dei rike som sit på toppen av pengehaugen? Eg trur dei kunne klart seg bra fint på eige hand, men dei skal Regjeringa sy puter under armane til – men ikkje hos frivillige organisasjonar som faktisk har behov for statleg støtte. For oss er sju millionar kroner mykje pengar, og dersom dette får gjennomslag – korleis skal vi då hente inn pengar? Det går ikkje å heve medlemskontingenten ytterligare, då forsvinn prinsippet om at alle skal med – at alle skal vere inkludert…

I 2015 mista vi samarbeidsavtalen med Landbruks- og matdepartementet. Vi mista òg kontorplassane til faste tilsette over heile landet hos Fylkesmannen. Dette førte til nedbemanning og eit tap av 12 årsverk. Kva no? Desse sju millionane er nesten ein fjerdedel av 4H sitt årlege budsjett, og det er ingen tvil om at organisasjonen slik eg, og dei 14 000 andre medlemmane i 4H, aldri kjem til å bli den same om denne stønaden vert fjerna. Dette er dramatisk.

Regjeringa er opptatt av tidleg innsats i forhold til barn og unge både når det kjem til læring og psykisk helse. Der har dei løyva pengar så det held. Likevel vel dei å kutte sju millionar kroner i støtte til ein frivillig organisasjon som er førebyggjande for nettopp tidleg innsats både for læring og meistring og dernest psykisk helse.

Å fjerne post 1138 betyr sju millionar kroner mindre til naturbruk, jord- og skogbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og friluftsliv. Det betyr også sju millionar kroner mindre til vennskap, læring og trivsel. Kjære Regjering, opn opp auga!