- Vi kjem sterkare ut av det

Publisert:12. september 2017Oppdatert:12. september 2017, 17:24
GLER SEG TIL NESTE VAL: Kristoffer Bergersen (R) håpar på eit raudgrønt fleirtal ved neste Stortingsval. Om det skjer, tar han skjegget. FOTO: Vilde Midtbø Ulsten

- Trist å sjå at AP gjorde det så dårleg. Trist å sjå at FRP gjorde det så bra, seier ein tydeleg skuffa Kristoffer Bergersen i Rødt Hordaland. Bymagasinet tok turen innom Rødt si valvake på Victoria Pub & Cafe natt til tysdag.

Valresultata viste seg å vere klare fleire timar tidlegare enn forventa, og like over midnatt hadde dei fleste på Rødt si valvake vendt snuten heimover. Medlemmane her er trass alt arbeidarfolk, påpeikar Bergersen. Den tidlegare SV-veljaren er inne i sitt tredje år som medlem i Rødt Hordaland.

- Rødt er eit prinsippfast parti eg verkeleg sympatiserer med. Dei har eit ynskje om å tvihalde på dei delane av det norske samfunn som vi har kjempa fram gjennom den norske arbeidarbevegelsen i 150 år, seier Bergersen.

Han meiner det er viktig at fleire engasjerer seg i Venstrepolitikken som ei motvekt til Fremskrittspartiet og Høgre sitt jag etter privatisering og kutt i helseordningar. Han viser til politikarar som Bernie Sanders og Jeremy Corbin at venstrebevegelsen er i vinden i den vestlege verda. Dette meiner han berre Rødt og SV har retta fokus mot her til lands.

- Det er berre å bite tenna saman og stålsetje seg for fire nye år med Høgre.

DOBBEL OPPSLUTNING OG MEDLEMSAUKE
Trass eit nederlag når det kjem til regjeringsmakt, er Bergersen og Rødt meir enn nøgd med årets val. I natt feira dei rekordoppslutning på 2,3% og med det får partiet plass på Stortinget for første gong i historia. Ein mandat får plass på tinget – leiar Bjørnar Moxnes.

- No får han taletid, og får høve til å fremje sakar som politikarar i SV, AP og MDG gjerne ikkje tør å ta opp. Moxnes er garantert på tinget, og det var strengt tatt hovudmålet for kampanjen vår. Alt anna kjem som ein bonus, seier Bergersen og smiler.

Sakar som Israel-Palestina-konflikten som det har vore elles tyst om den siste tida, samt oljenedbygging og kampen om forskjells-Noreg er berre nokre av fanesakane Rødt ønsker meir merksemd til på Tinget. Dette ved hjelp av arbeidarpolitikk og sosialisme på høgt nivå.

I tillegg til mandat ved regjeringsskifte, kan Rødt juble over tillit hos befolkninga. Berre i august månad hadde dei ei medlemsauke på rundt 450 stk., og berre på valdagen meldte 80 nye seg inn i det revolusjonære partiet.

- Folk får opp auga for dette. Vi er spent på vegen vidare. Uansett korleis dette ender så kjem vi sterkare ut av dette med så mange nye medlem og så stor oppslutning, og om ikkje anna så har vi no ein heil haug med nye aktivistar som kan vere med og ta kampen vidare.

Kva er draumen ved neste stortingsval?

- Det er vel det same som denne draumen – å sparke ut dei blå-blå. Få sikra eit skikkeleg raudgrønt fleirtal med fokus på eit RAUDgrønt fleirtal. Vi har ein veg å gå, men no har vi i alle fall fleire med til å hjelpe oss på vegen.

SJÅ FOTOGALLERI FRÅ VALVAKA NEDERST I SAKA: