Tett løp mellom dei norske laga

Publisert:17. september 2017Oppdatert:18. september 2017, 10:55
Team FixIT.no etter lagtempo.

Søndag ettermiddag gjekk lagtempoet for damer og herrer av stabelen under sykkel-VM i Bergen. Noreg stilte i alt med fire lag.

Sunweb vann overlegent hos både damer og herrer, og førehandsfavoritten Team Sky endte på ein tredjeplass blant herrene. 

Trass i at damene sitt lagtempo normalt sett ikkje trekk mykje publikum, var årets VM eit unntak. Tusenvis av publikummarar hadde møtt opp langs vegane frå Askøy til Festplassen. Jubel og heiarop prega Vestlandsbyen søndag.

Då herrene sitt lagtempo stod for tur var det trangt om plassane foran storskjermen i Byparken og ved målområdet. Det var ein spennande konkurranse frå start til slutt, og Bergen viste seg frå si beste side i solskinn.

FIRE NORSKE LAG I HERRETEMPOEN
Sjølv om Noreg ikkje er i verdseliten, vart det ein spennande kamp mellom dei norske laga. Joker Icopal stakk av med den norske sigeren foran Uno-X med ein margin på 2.01 sekund. Sparebanken Sør låg i tet store delar av etappa, men vart forbipassert av FixIT.NO Team FixIT klarte å halde plassering framfor det Hushovdeigde laget og kom i mål ni sekund før Sparebanken Sør.

GIRTRØBBEL FOR BERGENSLAGET
Dagane før lagtempoet fekk Bymagasinet innblikk i det Bergensbaserte laget Team FixIT sine forventingar og strategiar. Timane før var dei bekymra over dei tekniske utfordringane som VM-løypa bydde på, og like etter målgang kunne dei melde at bekymringa var reell.

- Vi køyrte så bra vi kunne, men det var sjølvsagt store tekniske utfordringar i løypa. Birkelundsbakken var desidert det hardaste momentet i løypa, seier ein utslitt Åsmund Løvik.

For Løvik var dette hans siste ritt nokon sinne, og han er glad han fekk høve til å oppleve folkefesten i Bergen. Etter VM legg han opp som syklist.

- Men vi er svært nøgd med rittet. Vi fekk også sitje litt i Hot Seat, noko som var ei god oppleving. 

Frå start hadde Marius Blålid problem med giret og måtte gi seg like før Birkelundsbakken då han berre kunne bruke det tyngste giret.
- Slike ting skjer, men det er det ingenting ein kan gjere noko med dessverre. Likevel gjekk det fint, seier team manager Jan Roger Jensen. 

- I kveld skal vi nyte ein god middag saman før gutane tek seg ein velfortent fest. Det har dei fortent! seier ein tydeleg stolt Jensen.