Skyld på Per Fugelli

Publisert:14. september 2017Oppdatert:15. september 2017, 09:48
Per Fugelli vart berre 73 år gammal. Han etterlatte seg mykje kunnskap i eit lite land. Foto: Mathias Jørgensen, VG

Den gode hyrden. Vismannen frå Jæren. Distriktslegen. Filosofen. Per Fugelli er no død, og han har bedt oss om å gje litt meir faen. Eg håpar vi ikkje skuffar deg, Per.

Då det vart klart at det vart fire år til med Fremskrittspartiet med notoriske Sylvi i spissen, kan det sjå ut som det vart for mykje for Per Fugelli. Han døydde den 13 september med sine næraste rundt seg, på Jæren, der han var født og oppvokst.

Ei verdig avslutning, på eit verdig liv. Det var ikkje noko nytt at Per skulle dø. Han har sidan 2010, då han gav ut boka “Døden, skal vi danse?”, prata om døden, som han også har omtalt som vårt siste tabu. Sjølv meinar eg vi har fleire, Per, og ja, det er kanskje litt rart at eg brukar fornavnet ditt sidan eg ikkje kjenner deg personleg, men ein gjer ofte det med andre mennesker ein har lyst å identifisere seg med. Allereie i 2009 fikk han bekrefta at han hadde ein kreftsvulst i tykktarmen, som og spreidde seg til lungene. Hans siste bok”Per Dør” kjem ut denne høsten.

Så kva var det med denne mannen, og det han sa, som var så spesielt? For det første snakka han med ein særeigen varme, og ein sjelden ro. Når han prata var det som du tok deg ein varm dusj med kunnskap. Per Fugelli var lidenskapeleg oppteken av toleranse, samhold, og framtida. Til tross for at han no tilhøyrer fortida. Med andre ord meir enn ein kan sei om alle som stemte for at vi skulle ha klimafornektarar og rasistar i regjering, som då høyrer til notida. Per var politisk engasjert, men var også engasjert i mennesket, og våre tankar knytta til det å vere eit godt menneske. Han var også oppteken av norsk ungdom. I ein NRK-artikkel frå 2015 uttalte han følgande;

– Blant unge mennesker i dette landet er det en jævla sult etter å få meldingen “godt nok”

Han oppfordra vidare all norsk ungdom, og unge vaksne, til å gje meir faen, ettersom “generasjon prestasjon”,  særteikna av “flink pike-syndromet”, samt det stadige jaget etter bekreftelse frå alle kår, verkeleg  byrja å etablere seg som fenomen. Det var ikkje dumt, det han sa. For eg trur dei fleste av oss nektar å gje faen. Men det burde vi verkeleg byrje å gjere. Eg skulle sjølv ynskje at eg kunne gitt litt meir faen. Det verkar meir og meir tydeleg at den rare hjernen vår ikkje var heilt klar for alt det presset, og stresset, som skulle komme med all teknologien vi fann opp. At kor godt ein hadde det, lengre ikkje var ei subjektiv oppleving, men ei måling oppmot kor godt andre hadde det.

Det byrja å gå veldig feil då alle skulle late som dei hadde det så fantastisk. Slik at dei som ikkje hadde det like fantastisk, opplevde det faktumet at dei ikkje hadde det fantastisk, særs ufantastisk. Sjølvsagt hadde ingen det fantastisk, men det var viktig å oppretthalde illusjonen. Illusjonen om ein perfekt kvardag, med perfekt mat, med perfekte kjærestar, og turar til utlandet. Det var lenger ikkje tid for å ha det vondt. Det var ikkje lenger rom for å feile. Det var ikkje ein gong godt nok å vere midt på treèt. For det var ingen andre som var. Det er åpenlyst at sosiale medier har spelt ei stor rolle, i dette destruktive tankemønsteret, som har prega oss, dei siste åra. Samstundes, var det nok ikkje til å unngå.

Da Per Fugelli ba oss gje meir faen, meinte han at vi ikkje skulle bry oss så mykje om andre. Han har alltid vore opptatt av nestekjærleik, og humanisme, og var ein forkjempar for “det svake menneskets rett”. Han meinte nok heller at vi ikkje skulle bry oss så mykje om kva dei andre sa, eller tenkte. For det startar kun med ein person. Så blir det ein til, og endå ein, og til slutt sit vi der med ein nasjon som klarar å oppnå endorfinutløysning, til tross for at naboen har fått seg ein sjukt fin ny bil. Slutt å lat som du har det så forbanna fint. Det er heilt i orden at du ikkje har det, du er ikkje aleine, du vil aldri vere det.

For ein dag skal du døy. Ein dag vil dine livs val, handlingar, og tankar, komme til eins ende, og du møter deg sjølv i døra, kanskje ikkje for fyrste gong, men for fyrste gong utan å ha moglegheit til å snu. Når du står der skulle du kanskje ynskje at du ikkje tenkte så mykje, om kva alle dei der folka du eigentleg ikkje brydde deg så mykje om, tenkte om det bilde av den middagen på den ferien du eigentleg ikkje brydde deg så mykje om. Slepp deg meir fri, kjære medmenneske. Gje deg sjølv eit velfortjent pust i bakken, for vi veit alle kor slitsomt du har det. Og til dei elitistane som vil presse deg og psyken din til eit sammenbrudd, ved å stadig vekk presse på plassar som ikkje skal bli pressa på, som seier du må “prestere hardare” og “bry deg meir”? Gje faen. Om dei spør kvifor du gjer faen? Sei til dei arrogante tullingane at Per Fugelli sa det.