Ønskjer gransking av politiet

Publisert:19. september 2017Oppdatert:19. september 2017, 18:08
Justisminister Per-Willy Amundsen (Frp). FOTO: Justis- og beredskapsdepartementet.

Justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) ønskjer ei ekstern og uavhengig gransking av politiet i kjølvatnet av dommen som falt mot tidlegare politi Eirik Jensen måndag ettermiddag. Dette melder NTB.

Måndag ettermiddag vart den tidlegare politimannen Eirik Jensen (60) dømt til 21 års fengsel for å ha teke del i innføring av hasj, grov korrupsjon, samt fleire brot i våpenlova. Dette er første gong i historia ein politimann er dømt for korrupsjon i Noreg.

Amundsen (Frp) melder i ei pressemelding tysdag ettermiddag at det er ulike sider ved saka som gjer at politiet sitt arbeid må granskast. 

- Sjølv om dommen ikkje er rettskraftig, er det nye forhold i saka som gjer at det uansett er riktig å no ta intiativ til ein grundig gjennomgong, seier justisministeren. 

Han ønskjer gjennomføring av granskinga uavhengig av spørsmål om skuld og kva det endelege utfallet av rettssaka blir. I samarbeid med politidirektoratet vil Amundsen opprette eit mandat for korleis prosessen skal bli utført.

- IKKJE BERRE OM RUTINER OG RETNINGSLINJER
Amundsen slår fast at denne granskinga er viktig for å bevare tillit til politiet og rettssystemet. For å få til dette, må det vere full openheit kring korleis politiet jobbar. 

- Dette handlar ikkje berre om rutiner og retningslinjer, men om kultur og leiing innan politiet.

Ifølgje Amundsen skal politidirektør Odd Reidar Humlegård og Politimester i Oslo, Hans Sverre Sjøvold, vere opne for ei slik gransking.

Til VG seier Humlegård at han støttar Justisministeren i forhold til granskinga.

Humlegård slår fast at det er viktig at ei slik gransking ikkje kan gjennomførast internt i politiet, og rosar dernest Justisdepartementet for godt intiativ.

- Mange medarbeidarar er sjokkerte. Det er mange som sit med spørsmål som dei ønskjer å få besvart, seier han til VG.

Dersom dommen vert rettskraftig er dette den største skandalen i Noreg sitt rettssystem nokon sinne.

Saka blir oppdatert fortløpande.