Konsertanmeldelse: Slomosa på Victoria.

Publisert:13. september 2017Oppdatert:13. september 2017, 22:37
Slomosa leverte varene på Victoria, denne torsdagen.

Torsdag 7. September spelte Slomosa på Victoria. Sjølv med eit lite intimt lokale, og ingen monitor, klarte det nyforma stonerrock bandet og blåse capsen av dei fleste i publikum.

Musikkmijøet i Bergen har alltid vore variert, til tross for at det i dei siste åra har vore større fokus på rap og hip hop, enn vaskeekte rock. Sjangeren “stonerrock”, eller “ørkenrock”, som ein kan knytte band som Tool, Queens of the Stone Age, og Kayus til, har rykte på seg for å være einsformig, seigtog deilig, men blir og beklageligvis ofte veldig repetiv. Det var dermed ei særskild god oppleving, då dette  skulle vise seg å ikkje være tilfellet under torsdagens heilaften på “Viccen”.

(Foto; Torkel Eikevik)

Bandet, ein kvartett beståande av to tilbakelente gitaristar og ein bassist i fronten, og ein alt anna enn tilbakelent trommis, er komfortable frå første stund. Dei har valgt lokalet med omhu, og mange av dei tilreiste er åpenlyst bekjente av gjengen, som ikkje nølar med å holde ting internt. Første låt ut er “Blondie”, som dei sørger for å melde at er ein heilt ny låt. Det som er veldig viktig når ein skal holde ein relativt kort, intens konsert, er å setje standarden frå første sekund. Det er akkurat det som skjer her. Seige rytmar, og blytunge synkroniserte riff er i fokus. Vokalist og Gitaris Benjamin Bourdous klarar fint å holde vokalen nokonlunde rein, og samstundes følgje med på dei avanserte rytmane, som utviklar seg.

Vokalen let litt skranglete i starten, men det er den også aleine om. Dette er ei gruppe som har øvd mykje på førehand, og det kan høyrast. Det er neste låt, “There is nothing new under the sun”, som er kveldens høgdepunkt. Det er som om den tidlause klassiske albumet “Songs for the Deaf” har fått ein veldig fin (men litt rar) unge med Wolfmother. Dei melkar det fengande åpningsriffet, som gullkalven det er, og til tross for at verset kanskje er noko kort, leverar låten med eit fengande refreng, som beit seg fast i dei fleste i salen. Det er god stemning, og det blir utgjeve nokre skålar i den og den retnignen.

Det blir eit litt rolegare midtparti på to låtar etterkvarandre, som har foten lengre inne i popverdenen, enn ørkenverdenen. Dette er absolutt ikkje ein negativ ting, ettersom du blir dobbelt så glad når bandet mot slutten returnerar til signaturstilen. Er det litt einsformig? Ja. Er nokre av partia i overkant lange og svevande? Absolutt. Kunne lydbilde vore betre? Jepp. Betyr dette noko i det store og det heile? Nei. Dette er ein sånn konsert der du berre må ta deg ei øl, og setje pris på reisa du blir tatt med på. Med eit par finjusteringar på enkelte låtar som dessverre fell litt igjennom, og blir litt sausete, kan dette bandet verkeleg setje seg på kartet i Bergensrommet. Til tross for å ha valgt dette lokalet sjølv, er det ingen tvil om at dette bandet høyrer heime på ei større scene, med fem ekstra låtar i ermet.

Alt i alt ei seig, deilig, intim, og ja-nikkande oppleving. Terningkast 5.