Historisk seier for Høgre

Publisert:12. september 2017Oppdatert:23. oktober 2017, 11:01
Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

- Vi fekk ein knekk, men vi ligg ikkje nede, seier AP-leiar Jonas Gahr Støre. Høgre har fått eit historisk valresultat.

“Fire nye år! Fire nye år! Fire nye år!”. Stemninga er til å ta og føle på under Høgres valvake i Oslo.

Ho har jamt over vore statsministerfavoritt. Dei siste prognosane er no klare, knappe tre timar etter fyrste valdagsmåling: Venstre kom over sperregrensa. Erna får fire nye år. Valresultatet er historisk. Ei Høgreregjering har aldri tidlegare blitt attvalt.

KJØYRDE VEKK FRÅ VALVAKA
Ein åpenbart skuffa Jonas Gahr Støre gjekk like før midnatt opp på scena under Arbeiderpartiets valvake i Oslo. 
- Vi fekk ein knekk, men vi ligg ikkje nede, seier Jonas Gahr Støre, og tek ein pause.

- Eg er skuffa på vegne av dei som hadde håpa det skulle lede til eit skifte. Men eg håpar eg leier eit samla parti vidare, eit parti som ynskjer å gjere alt dei kan, alt dei trur på.

Støre rettar ei raus takk til Erna Solberg.
- Det har gnistra. Det har vore ein debatt, og ein fight, men det seier eg med respekt for ein betydeleg politiker i Noreg. Stor takk, seier Støre før han går av scena i Folkets Hus. 

Se også: - Hun har knust Jonas Gahr Støre i en valgkamp

- EIT IKKJESOSIALISTISK FLEIRTAL
Erna vart møtt med jubel og gledesrop på Radisson Blu i Oslo. Ho takkar for lagarbeidet. Ho takkar alle som har stått på i fleire veker. Alle som har banka på dører, alle som har drive kampanjar. 
- Kjære alle saman. Tusen, tusen takk for innsatsen! Dette er ein arbeidsseiar, eit lagarbeid. Og vi blir nøydd til å jobbe saman, alle saman, framover. 

- Stemmane er ikkje ferdig opptalde. Vi skal ta atterhald om det - men det ser ut som om det blir eit ikkjesosialistisk fleirtal i Noreg, avsluttar ho. 


TREKLØVERET: Trine Skei Grande, Erna Solberg og Siv Jensen er framleis saman i regjering. Skjermdump: NRK

Her er nokre av Erna sine valløfter:

  • Ta vare på ein større andel eldre enn tidlegare

  • Skape fleire jobbar og inkludere fleire i arbeidslivet

  • Auke bevilgningane til mogleggjerande teknologiar

  • Tidleg hjelp og innsats i skulen, ingen skal hengje etter