Solid science fiction

Publisert:3. februar 2017Oppdatert:3. februar 2017, 08:33
Mannskapet på The Rocinante

Regi: Breck Eisner

Science fiction serien The Expanse aukar tempoet etter første sesong. Etter to utgitte episodar i sesong to imponerar historia, men ikkje alle karakterane overbevisar. 

(Inneheldt spoilere frå sesong 1)

The Expanse, basert på bokserien av Daniel Abraham og Ty Franck, tar oss med 200 år fram i tid. Både Mars og astroidebeltet er kolonisert. Mars har gjort seg uavhengig av jorda og dei to planetane kjempar om å kontrollere solsystemet. Asteroidebeltet er “slummen” i systemet og menneska der blir misbrukt av både Mars og Jorda.

Første sesong begynte med at eit nytt biologisk våpen kom inn i bilete og kompliserte forholdet mellom Mars, Jorda og asteroidebeltet. I slutten av sesongen blei dette våpenet brukt til å utslette befolkninga på asteroida Eros. Det er etterspelet av dette som pregar dei to første episodane. 

Holden og mannskapet hans på Rocinante overlever angrepet på Eros med eit fåtall andre, deriblant politietterforskaren Miller. Samspelet mellom desse karakterane er på det beste som i cult-serien Firefly. 

Thomas Jane briljerer i rolla som Miller og er eit av serias beste element. Karakteren er ein viktig drivkraft i dei to første episodane. Steven Strait derimot klarar dessverre ikkje å overbevise som den idealistiske kaptein Holden. Ein blanding mellom til tider svak dialog og svakt skodespel gjer at Strait ikkje klarar å levere det som skulle ynskjast av karakteren. 

På jorda prøver FN politikaren Chrisjen Avasarala, spelt av Shohreh Aghdashloo, å unngå full krig mellom Mars og Jorda. Dialogen hennar har blitt tøffare og den passer meir til karakteren enn det det gjorde i første sesong. 

Sersjant Roberta “Bobbie” Draper(Frankie Adams) i den marsiske marinene er ein ny karakter i seria. “Bobbie” er ein beinhard karakter med eit skikkeleg hatt mot Jorda og er med å forklare forholdet mellom Mars og Jorda. Det skal absolutt bli spennande å følje ho vidare. 

Mykje av fyrste sesong blei brukt på å etablera universet. Det gjorde at historia gjekk sakte framover. Universtet er heldigvis no godt etablert og tempoet i historia aukar og dette gjer serien mykje meir spennande å følje med på.

The Expanse dreiar i større grad mot science enn fiction i forhold til mykje av tidlegare seriar med handling i verdsrommet. Det kjempast med kuler og missiler, ikkje lasarar. Meldingar bruker mange minutter på å sendast frå asteroidebeltet til Jorda, noko som serien brukar til å skape intense scenar. 

I ei tid der me er så bortskjemt med gode seriar som me er i dag så er The Expanse eit godt stykkje frå toppen. Serien er likevel eit frisk pust innan sjangeren og anbefalst absolutt for dei som vil ha ein god og spennande historie frå rommet. 

Trailer