Misfornøgde over vegarbeid i Strandgaten

Publisert:2. februar 2017Oppdatert:3. februar 2017, 08:13
Vegarbeidet stenger store deler av gata frå begge sider

Sidan november har vegarbeid foregått i gågatedelen av Strandgaten. Fleire meina arbeidet har ført til mindre kundar langs gata.

Tomme lokaler i gågata

-Me blir selfølgeleg påverka, men kva kan me gjere med det, fortvilar Stefano frå resturanten Trattoria Italiana. Resturanten har merka ein nedgang i kunder sidan arbeidet begynte.  Arbeidet har også gjort det vanskelegare for dei med bosstømming.

 

Vegarbeidet er eit stort prosjekt der nye leidningar skal leggjast til vanninnløp og kloakk. I tillegg skal det komme bosskastepunkt til bossnettet samt oppgradering av fortau og sykkelveg. Arbeidet forstyrar naturlegvis fotgjengarane.

 

Etterkvart som arbeidet har pågått har det vore stadige endringar i kor fotgjengarane kan gå. “Til tider har det vore sånn at me som jobbar i gata ikkje er sikre på kvar me kan gå”, seier ein ansatt i gata. Dette, meina den ansatte, har ført til at fleire unngår gata fordi dei får inntrykk av at den er stengt. Lokale bergensarar og stamkundar finn fortsatt fram på gata, men dei som ikkje er kjent i byen har lett for å unngå gata på grunn av arbeidet. 

 

Gågata er ikkje like populær som den var for nokre tiår sidan. “No er det fleire tomme lokaler som aktørane ikkje vil røyre, for kven vil starte butikk i ei stengd gate?”, seiar den ansatte.

 

Ikkje alle deler pessimismen. Jan-Erik Hauer Århus frå butikken Regn seier dei ikkje har merka noko nedgang på grunn av arbeidet. -Vegarbeidet er viktig for å halde på bybildet, men me håper dei blir ferdig fortast muleg.