Metalbandet Helheim får strålande anmeldingar på nytt album

Publisert:5. februar 2017Oppdatert:9. februar 2017, 13:03

Bandet Heilheim frå Bergen har eksistert i heile 25 år. På nyåret gav dei ut eit nytt album som har mottatt strålande kritikkar frå fjern og nær. Plateanmeldaren i BT-magasinet gjekk så langt som å seie at det stiller sterkt som kandidat for beste album i 2017. ByMagasinet stiller derfor opp med intervju med trommis Hrymr (Frode Røsjø) om Helheim si utvikling over 25 år. 

"Hrymr" Frode Røsjø er trommis i bandet Helheim.

Den 20. januar i år slapp de albumet “landawarijaR”. Kan du fortelje litt om dette og inspirasjonen til å lage akkurat dette albumet? 

- Inspirasjon kjem i mange formar. Eg trur miljøet vårt, musikken vi høyrar på, erfaringane vi gjer oss og naturen kring oss som vi ser kvar dag er alt med på å inspirere oss. “landawarijaR er eit resultat av ei lang reise. Personleg føler eg at vi har svingt mykje opp igjennom tida, og eg trur at mange som har følgd Helheim opp i gjennom tida har den same opplevinga. Alle dei musikalske krumspringa vi har gjort, og tilbakemeldingane på dei, har vore med på å forme det musikalske uttrykket vi har idag. Eg tenkjer alltid igjennom kva eg personleg følte fungerte godt ved eit album, og kva som var mindre bra. Så tar eg det med meg vidare. Vi har bestemt oss for å ikkje tenkje kommersielle tankar. Med det meinar eg å for eksempel følgje ei “oppskrift” eller korte ned låten for å gjere den meir lyttarvennleg. Det har vi gjort før og vi har erfart at det drep noko av det ekte kunsteriske uttrykket. 

Låtane må bli som dei blir. Nokre gangar er det den elleve minuttar lange låta som slår an fordi den har ei ekte nerve. Det er berre å tenkje tilbake på 70-talet, kor mange snåle låtar som sitt i sjela derifrå. Så tilbake til spørsmålet, det er mange som som gjer at det musikalske uttrykket blir som det blir, men så lenge ein lev erfarar ein, og blir forhåpentlegvis betre på å formidle bodskap og musikalske bilete som vi meinar er verdt å lytte til. 

 

Helheim har eksistert så lenge som sidan 1992, og gav ut sitt fyrste album “Jormundgand” i 1995. I store linjer, korleis har den musikalske utviklinga tatt form sidan då? 

 

- Som nemnt så har reisa vore interessant og variable. Eg skulle på ein måte ønskje at vi hadde vore meir straumlinjeforma og haldt oss til ein stil heile vegen. Eg trur vi hadde vore eit større band popularitetsmessig om vi hadde gjort det. Vi kunne kjørt black metal ala “Jornundgang” heile vegen, og mange ville digga det. Men igjen, no er eg veldig nøgd med at vi har utvikla oss som vi har. Musikken har følgd utviklinga vi har hatt som menneske. Vi starta som eit relativt reint black-metal band med ei norrøn vinkling. Idag er vi opptatt av atmosfæren, melodiane og kjenslene i musikken i større grad. Det hedenske og norrøne i tekstane står endå sterkare og meir i sentrum enn tidlegare. 

 

Det har vore viktig for oss å formidle teksane, og trur det har vore med på å bringe fram større grad av rein vokal i musikkn vår. Så tempoet er noko lavare, og melodiar og vokal er meir i sentrum.

 

Det nye albumet har fått svært gode anmeldelsar. I tillegg hamna de på framsida av BT-magasinet, noko som ikkje er kvardagskost for band innanfor dykkar sjanger. Anmeldaren i BT meinte at det vil vere vanskeleg å lage eit betre album enn Helheim i år. Betyr det noko spesielt at dette kjem frå Bergens Tidende?

 

- Alle tykjer det er kjekt med gode anmeldelsar, vi er intet unntak. Og det er heilt riktig, det betyr mykje å få topp karakter i den lokale pressa. For det fyrste er det den avisa eg sjølv har lest sidan eg flytta til Bergen som fireåring. Eg las kanskje ikkje avisa då, men du skjønnar poenget. For det andre er det den avisa alle kring oss får med seg, både familie og vener. Det er ikkje så mange av dei som får med seg dei gode anmeldelsane frå bransjeleiande magasin som Metalhammer Italia og Tyskland, Rockhard og så vidare. Så ja, det er viktig, iallefall for meg personleg. 

 

Det er ein del gjestemusikarar på den nye plata, noko som bidrar til å gjere kvar låt unik, men som samtidig passar inn i heilskapen til albumet. Kva var tanken bak dette valet?

- Vi har jobba med dei fleste av desse musikaran frå før på andre album og veit nøyaktig kva dei kan bidra med. Så når vi øvar på låtane, tenkjer vi ofte at “dette partiet hadde fungert ekstremt bra med den og den sin vokal.” Dei fleste syns det er kjekt å kunne bidra. Dei to nye bidraga er frå Pehr i Alfahanne og William Hut. Vi veit kva Pehr står for, og han leverte akkurat så bra som vi både trudde og håpa. William har ei fin, lys og sårbar stemme som vi følte passa bra på både det forrige albumet og dette. Det fungerte berre enormt bra. Han er ein kul og sporty fyr som stilte opp. Eg fekk inntrykk av at han tykte det blei ganske så tøft sjølv også. 

 

Tilslutt, fortell litt om kva som har vore motivasjonen for å halde på så lenge som de har gjort. 

 

Vi elskar å spele. Både på øving og live. Kvar gang vi lagar ein låt som treff alle i bandet i hjertet, så føler vi alle ein enorm og genuin glede og stoltheit. Utan dette hadde det ikkje vore noko å bygge på. Når det er sagt så er det klart at vennskap har enormt mykje å sei. Vi ser på kvarandre meir som brødre enn vener. Meg, V´gandr og H´grimnir har haldt saman i 24 år no. Det hadde vi ikkje klart om vi ikkje likte kvarandre sitt selskap så godt.