Med lidenskap for tradisjon

Publisert:2. februar 2017Oppdatert:5. februar 2017, 13:21
Roger Iversen (t.h) står her saman med inspirasjonskjelde og samarbeidspartnar Kåre Hatlegjerde (t.v).

Det er no mogleg å kjøpe heilt fersk fisk på Sukkerhusbryggen ved Nøsteboden i Bergen. Mannen bak prosjektet, Roger Iversen, har mange planar for vidare utvikling av idéen, og kaisalet av fisk skal no utvidast til Sandviken og Solheimsviken i Bergen. 

Ønskjer å skape eit miljø

Roger Iversen som sjølv har budd i utlandet i 20 år, seier han er inspirert av måten ting blir gjort på i andre land. 
 
- Eg har blant anna budd i Brussel og Hamburg, og der går kokkane på marknaden tidleg om morgonen for å kjøpe fersk fisk. Eg ønskjer å sjå fleire kokkar på kaia her framover. 
 
Kaisalet har på kort tid rukke å bli ein stor suksess blant bergensarane. Iversen har opplevd at folk kjem ned på kaia fleire timar før salet byrjar, for å sikre seg delikatesser frå havet. 
 
- Vi ønskjer å skape eit miljø her. Draumen er å få laga til ein skikkeleg marknad med lokale råvarer frå både land og hav. 
 
Marknaden skal ikkje fyrst og fremst vere ein turistattraksjon, men ein stad der lokalbefolkningen går for å kjøpe mat av høg kvalitet og for ein billig penge. Men Roger Iversen ser for seg at prosjektet vil ha positive ringverknadar for korleis Norge framstår som fiskerinasjon. 
 
- Vi skal jo marknadsføre landet. Då er det viktig at vi ikkje er arrogante, men at vi heile tida prøvar å forbetre oss. Det er ikkje riktig at vi i ein fiskenasjon som Norge sel dyr og dårleg fisk til befolkninga. Det bør ikkje vere så vanskeleg. Vi har jo havet fullt, seier han og peikar ut av vindauget. 

Skrekkhistoriar

Ikkje alle er derimot like begeistra for prosjektet. 
 
- Ein fiskeoppkjøpar ringde meg og sa at det eg driv med er urettferdig. Tanken deira er vel at då må dei selgje driten, seier Iversen. 
 
- Han kunne like gjerne ha bedt meg om å selje kattemat, legg han til og ler. 
 
Han siktar her til korleis fisken vi kjøpar på supermarknaden gjerne kan ha ligge sjølvdau i garnet i dagesvis før den blir henta opp og sløygd. Kåre Hatlegjerde er samarbeidspartnar i prosjektet, og kan fortelje at dette har negative verknader på kvaliteten på fisken, ved at blodet trekk inn i kjøtet og set farge og samtidig forringar smaken. 
 
- Du kan jo tenke deg dersom husdyr ikkje vart tappa for blod under slakteprosessen. Det skjer jo aldri. Blodet må ut med ein gang for høgast mogleg kvalitet.
 
Roger Iversen meinar trass i kritikken at det ikkje nødvendigvis handlar om konkurranse. 
 
- Det er jo slik idag at folk gjerne vil ha filetar. Tanken vår er at vi skal lage eit produkt som er betre enn det vi har sett. 
 

Tilbake til det autentiske

Målet for kaisalet av fisk har vore å bringe tilbake ein tradisjon som meir eller mindre har gått tapt. Kåre Hatlegjerde har jobba i fiskenæringa i eit heilt liv, og er kritisk til korleis den har utvikla seg. 
 
- Eg trur ikkje det er mange av den fiskeetande delen av befolkninga som føler at slik det no er blitt, med supermarknadar som leverar firkanta pakkar med skinn og beinfri fisk, er som det skal vere. Vi som har fått oppleve å ete fisk som er meir naturleg, følar at det er noko som manglar på smak, seier han. 
 
Prosjektet stillar seg i motsetning til den profittdrevne fiskeindustrien. Ingen andre enn fiskarane sjølv får betalt. 
 
- Vi tenar ikkje ei krone på dette, men det er heller ikkje det som er drivkrafta. Vi ønskjer berre å finne tilbake til noko vi har mista. Så vi som ikkje har noko å tape, får ta kampen. Så blir nok folk einige med oss etterkvart, seier Kåre Hatlegjerde. 
 
 
Fleire aktørar har sunke djupt i ønskjet om profitt, ved at dei på Fisketorget har seld til dømes Mills Kaviar og Kong Oscar Sardiner for det doble av prisen ein får det for på butikken. Dette gjorde Iversen sjokkert. 
 
- Dei kunne like gjerne ha laga dørmatte av det norske flagget, seier han. 
 

Stemningsfullt på kaia

 
Etter samtalen med Iversen og Hatlegjerde følgjer underteikna med bort til kaia for å sjå fiskebåtane gå i land. Trass regnet har det allereie opparbeida seg ei lang kø med kundar. Ein etter ein kjem båtane inn med sprell levande fangst, som så blir lagt i vektskåla for å fastslå pris. 
 
Roger serverar varm kaffi og slår av ein prat med dei ventande kundane. Det er tydleg at det ikkje berre handlar om sjølve produktet, men også om stemningen som gjev assosiasjonar til korleis sal av fisk gjekk føre seg på tradisjonelt vis. Ein etter ein fer dei nøgde kundane avgarde med posar fulle av alt frå torsk og steinbit til krabbar og kamskjell. 
 
- Som du kan sjå så blir det ikkje stort ferskare enn dette, seier Kåre Hatlegjerde.