Kjempa for demokrati i Swaziland - lev no i eksil i Bergen

Publisert:2. februar 2017Oppdatert:5. februar 2017, 13:21

Bheki Dlamini (32) er ein politisk aktivist frå Swaziland. I kampen for demokratiet har han gjennomgått tortur og rettsforfølging, som resulterte i ei fengselstraff på nesten 4 år. No lev han i eksil i Norge, men har aldri gjeve opp håpet om at demokratiet går seirande ut av kampen mot det diktaturiske monarkiet.

Det siste absolutte monarkiet

Swaziland er eit svært lite land i den sydlege delen av Afrika, omgjeve at Sør-Afrika og Mosambique. Det utgjer det siste absolutte monarkiet på det afrikanske kontinentet. Med begrepet “absolutt monarki” meinast det at det er kongefamilien som styrar og kontrollerar landet både politisk og økonomisk. 

Politiske parti har ikkje livets rett i monarkiet, og oppretting av slike blir oppfatta som forræderi og er derfor straffbart. Dette har Dlamini fått føle på kroppen, då han sjølv har vorte arrestert og fengsla i fleire år. 

- Politiske parti har vore forbudt sidan 1973. Alt er kontrollert av kongefamilien. Så det er det eg kjempar i mot, seier Bheki. 

Det politiske engasjementet starta då han var 19 år og byrja på universitetet og deltok på politiske aktivitetar organisert av studentane. I 2006 vart han medlem i det som av monarkiet var stempla som illegale politiske parti, som av den årsaken måtte eksistere under radaren. 

 

Ein kamp verdt å kjempe

- Det er ikkje ei lett reise. Den vegen eg har vald byr på mange utfordringar. Men desse utfordringane er verdt å møte, for om ikkje eg gjer det, kven skal då gjere det? Dersom eg meinar at demokrati er det som skal til for å gjere ting betre i Swaziland, så må eg også kjempe for det. Ingenting kjem gratis, seier han om kvifor han har gjort dei vala han har gjort. 

Men denne vegen har ført til mange vanskelege offer, som ser ut til å ha styrka trua hans på at han har gjort det rette. 

- Eg har blitt arrestert, torturert og slått, og no er eg i eksil. Nesten alt som har kunne skjedd med meg som politisk aktivist, har skjedd. Utenom å døy. Eg er framleis i live, men kanskje dei får tak i meg ein dag, seier han. 

- Derfor kan eg ikkje stoppe no. Etter alt eg har opplevd, så må kampen fortsette. Eg kan ikkje sei korleis Swaziland si framtid ser ut, men eg ser på det som å bygge ein bygning. Ein må legge stein på stein. 

 

Usikker framtid

Dlamini kom til Norge fordi han vart tatt opp av Students at Risk, ei prøveordning som skal gje studentaktivistar som Bheki, mogleik til å fullføre studiane sine i Norge, fordi dei er nekta dette i heimlandet. Programmet er initiert av norske studentorganisasjonar og UD, og blir administrert av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). 

Han fekk derfor opphaldstillating i Norge i to år for å fullføre ein mastergrad i Public Administrations. Masteroppgåva han skriv handlar nettopp om demokratisering i Swaziland, og skal leverast før sommaren. Etter det veit han ikkje kva som skjer vidare. 

Å reise tilbake til heimlandet er svært risikabelt, ettersom han har ei moglegeins 10-15 års fengselstraff ventande på seg der. 

- Tanken på kva som skal skje etterpå plagar meg kvar dag, seier han.  

Framleis håp

På spørsmålet om han nokonsinne skulle ønskje at han levde eit vanleg liv, svarar han:

- Eg definerar liv annleis enn mange andre. For meg handlar det ikkje om å ha eit fint hus eller ein fin bil, men om å gjere eit bidrag til eit betre samfunn. Problemet idag er at så mykje handlar om individet. Alt vi gjer er for oss sjølve. Ein slik tenkemåte truar solidariteten. Eg meiner at eg er, fordi det er nokon vedsida av meg. Eg kan ikkje leve i isolasjon. 

Bheki har trass alt han har opplevd, framleis trua på det gode i menneska. Han trekk fram “The Womens March”, ein protest for kvinner sine rettigheitar som eit eksempel. 

- Sjølvsagt blir ein knust når folk stemmer på ein som Donald Trump. Men desse marsjane viser at folk er villig til å stå opp for noko når det gjeld. Vi har slappa av lenge, spesielt i dei utvikla landa. No er det på tide at folk organiserar seg att. 

Han har også håp for situasjonen i Swaziland. 

- Eg pleier å sei at endring kjem todelt. Folk vil stå opp mot undertrykking på eit eller anna tidspunkt. Og når det skjer så må ein ha sterke politiske plasseringar som vil leie motstanden og utfordre staten. Endring vil skje. Eg veit ikkje når eller korleis, men historia viser at menneska ikkje kan vere undertrykt for alltid.