Folket har tillit til Therese Johaug

Publisert:5. februar 2017Oppdatert:9. februar 2017, 13:06

Det har i løpet av dei siste månadane vore mykje blest kring langrennsløparen Therese Johaug. Ho testa positivt på ein dopingsprøve som følgje av bruk av ein krem mot forbrende lepper, som innehaldt det ulovlege stoffet Clostebol. No ventar ho på dommen, som per dags dato er innstilt på 14 månader utestenging. 

Ifølgje VG viser ein ny meiningsmåling at heile 53,9 % av befolkninga at tilliten til skiløparen ikkje er påverka etter dopingsaken. 6,1 % meiner at tilliten faktisk er styrka. ByMagasinet har tatt seg ein prat med mannen i gata om kva dei meinar om den innstilte dommen på 14 månader. 

 

Johanna (25):

- Eg meinar at det er fortjent. Ansvaret ligg på ho. Ho gjorde ein feil, og mange andre i same situasjon har fått liknande straff eller meir. Eg tykjer ho burde fått to år eller meir. 

 

Nils-Jørgen (53):

- Eg tykjer at ho burde bli fullstendig frifunne. Rettsikkerheita for idrettutøvarar er forferdeleg. Den fungerar heilt motsatt enn i resten av samfunnet, fordi bevisbyrden fell på den tiltalte. Utøvarar som har mistenkelege blodverdiar, noko som er heilt vanleg, blir testa oftare. Årsaken til at Johaug ikkje var blitt testa på 4 månader var nettopp fordi ho heile tida har hatt heilt normal verdiar. Dette burde tale til hennar fordel. 

 

Heidi (55):

- Dommen er overdrive. Det er ikkje akkurat slik at ho har drept nokon. Folk som har blitt fengsla for overgrep kan sitte i 14 månader. Therese Johaug brukte berre ein leppekrem som viste seg å ikkje vere prestasjonsfremmande ein gang. 

 

Benjamin (22):

- Det verste er det enorme mediepresset ho har vore utsatt for. Mykje av det som har blitt skrive er rett fram mobbing. Det er grenser for kor mykje eit menneske kan tåle, men eg meiner at Therese Johaug har takla det svært bra.