Ulovleg reklame langs Fjøsangervegen

Publisert:30. januar 2017Oppdatert:31. januar 2017, 08:35
Mange søkjer ikkje om tilatelse for å setja opp reklame langs vegen

Langs Fjøsangervegen er det fleire tilhengarar med reklame på parkert synlege frå vegen. -Ulovleg, seier Tomislav Jajcinovic frå Statens Vegvesen. 

Reklamen langs vegen kan vere distraherande for sjåførar og førar til større fare for ulykkar. Tomislav Jajcinovic jobbar i Vegvesenet i Hordaland og seier at det ikkje er uvanleg at folk settjer opp reklame langs vegen ulovleg. Når det skjer får dei som satt opp reklama eit forhandsvarsel og så vedtak om fjerning. Viss ikkje dette skjer vil Vegvesenet fjerna reklamen på eigars rekning. Tomislav Jajcinovic meinar sjølv at mange er klar over at det er ulovleg, men gjer det likevel. 

 

§ 33 av veglova seier: 

“Reklameskilt eller liknande innretning må ikkje utan løyve plasserast ved offentleg veg eller plasserast slik at dei er retta mot vegtrafikken eller synleg for dei vegfarande”.

Og i vegvesenet si handbok på reklame og trafikkfare seiast det:

At det er hjul på understellet som reklamen er festet på, gjør ikke reklamen mer til kjøretøy enn til reklame”

 

Malemester Hope ser ikkje noko gale i at sin tilhengar står der. -Den har stått der i ti år på ein parkeringsplass eg betalar for å bruke, seier Hope til Bymagasinet. Han påpeikar og at tilhengaren ikkje står der heile tida, men er av og til i bruk. Tilhengaren står likevel mykje i ro og er godt synleg frå vegen.

 

Reklame langs vegen er ulovleg om ein ikkje har tilatelse frå Statens Vegvesen på riks og fylkesvegar eller kommunen på kommunale vegar. Ein kan likevel ha eigenreklame på den bygningen ein jobbar frå utan å søkje. Firmabilar og tilhengarar med reklame som står parkert ved arbeidsplassen er greit om dei blir brukt. Desse kjem ikkje under veglovens bestemmelsar om reklame. Men om dei blir parkert lenge sånn at dei blir oppfatta som reklame så kan det vere eit problem, seier Tomislav Jajcinovic.