Kunstnarar for eit grønt skifte

Publisert:25. januar 2017Oppdatert:26. januar 2017, 13:33
Margrethe Brekke, ein av kunstnarane bak omstillingslaboratoriumet

Kunstnara i Bergen fekk mobilisert forskjellege næringsdrivande for å snakka ei grønn omstilling innan politikk, industri og forbruk. -Me må lage nye framtidsforteljingar, seier kunstnar Margrete Brekke

Omstillingslaboratorium

Tirsdag 24.01 var det omstillingslaboratorium på Bergen Offentlege Bibliotek. Kunst blei blanda med næring og forsking når forskjellege nyskapande menneskje frå forskjellege deler av samfunnet samlast for å fortelje om nye løysningar for framtida. Nye løysningar som bioplast, embalasjefri butikk og bruk av CO2 som algefor blei formidla i lag med fleire kunsteriske innslag.

-Eit samarbeid mellom folk som ikkje har samarbeida før, seier Gitte Sætre, ordholdar på omstillingslaboratoriumet. 

 

Utopi

Margrethe Brekke vil at verda skal bli eit utopi. Gjennom kunsten hennar prøver ho å formidle den omstillinga me må gjere for å få det til. Ho har jobba med luftakrobaten Jon Gjerde for å lage ein luftdans som skal vise denne omstillinga. -Me må ut av eigen retorikk, seier Brekke til Bymag.

Jon Gjerde viste også eit nytt prosjekt han hadde jobba med der ein skulle bruke ein drake festa i bakken til ein turbin for å bruke utnytte vinden over ein kilometer over bakken. Dette var ein av mange framtidsforteljingar som blei presentert på omstillingslaboratoriumet. 

 

Spre kunnskap med kunst

Kunst når til mange, er meir inkluderande enn aktivisme og den er upartisk, seier Gitte Sætre. Gitte Sætre jobbar i kunstinstitusjonen 3.14 som har stått for organiseringa.

-Me jobbar med å få globale kunstnarar til Bergen og lokale kunstnarar som tar opp globale tema ut i verda, seier Gitte Sætre. Performanceartisten Rita Marhaug tok denne ettermiddagen opp miljøproblema knytta til olje med kunsten hennar når ho låg “død” i eit oljesøl på scena i over tre timar.