Få norske topputdøvarar i esport

Publisert:29. januar 2017Oppdatert:31. januar 2017, 23:09
Astralis, eit dansk esportlag, etter å ha vunnet Eleague Major i Atlanta på søndag

Esport blir stadig meir populært. Fleire av dei beste spelarane er frå Skandinavia, men få av dei frå Noreg.

Søndag var siste dagen i ELEAGUE Major i CS:GO i Atlanta. Denne turneringa var ei av dei største esport turneringane nokon sinne og finalen hadde i periodar over to millionar sjåarar. Til saman 16 lag og 80 spelarar konkurerte. Til saman var det tolv danskar i turneringa, blant anna fem på laget Astralis som stakk av med seieren etter å ha slått Virtus Pro 2-1 i finalen. Frå Sverige var det ti spelarar. Fem frå henhaldvis veteranlaget Fnatic og de nye laget, Godsent.

 

Frå Noreg var det derimot bere to spelarar, Håvard “Rain” Nygaard i Faze og Ruben “Rubino” Villaroel frå North. Begge desse to prestrerte bra i turneringa, men rauk ut i kvartfinalen.

 

Esport i Noreg blir stadig meir populært. Særleg kan dette sjåast i Telenorligaen, ein esportliga arrangert av Gamer.no der det blir konkurert i fem forskjellege spel. Telenorligaen er den esportturneringa med flest deltakarar i Europa. Sjølv om Telenorligaen er den største esportligaen i Noreg vil det ikkje seie at dei speler på toppnivå.

 

“Det er ingen automatikk at vinnaren av Telenorligaen vil gjere det stort internasjonalt” seier Erling Rostvåg, turneringsansvarleg for Telenorligaen. 

 

Kenneth “reasten” Kristiansen, ein CS:GO proff, meinar at Noreg ikkje er lika sulten på suksess som danskane og svenskane i gaming. “Eg følar en del norske gjer opp ganske fort og ikkje putter ned nok tid” seier han til Bymagasinet. I fleire esportar er det mange som må forlate heimlandet i ung alder for å konkurrere i toppen. Fleire europeiske lag har “gaminghus” sør i Europa der laga trener i lag. 

 

“Norge har hevda seg i enkelte esportar, men me produserar ikkje stortalentar i like stort omfang(som Sverige og Danmark)” sier Rostvåg. Både Sverige og Danmark har større marknader enn Noreg. Dette fører til at det er meir sponsorer og dermed meir penger i esporten i desse landa. “I kjølevannet av slike ting skapes det ofte mer seriøse miljøer og konkurransen blir  hardere”, fortel Rostvåg. Likevel har enkeltindivider frå Noreg klart å hevde seg internasjonalt. Rostvåg trekker sjølv fram Starcraft-2 giganten Jens “Snute” Aasgaard som i fleire år har kjempa blant dei beste i verda. 

 

Rostvåg meina at for å auke antalet stortalenter i Noreg må sponsorer satse på lag og spelarar nok til at dei kan spele på fulltid i staden for som ein sideaktivitet til jobb og skule. Dette er noko som kan vere i ferd med å skje. “Me ser tendensar til at både idrettsklubbar og politikarar ser på e-sport som spennande” seier han. 

 

Telenorligaen startar 5. februar og blir vist på TV2-SUMO.