Eit liv som digital nomade

Publisert:30. januar 2017Oppdatert:31. januar 2017, 17:36
Miriam Rosvold Olsen kosar seg i Las Palmas, der ho kan arbeide og feriere på same tid.

Å få seg fast arbeid etter endt studietid kan vere vanskeleg. Miriam Rosvold Olsen bestemde seg derfor for å tenkje utanfor boksen. 

Kan kombinere arbeid og reise

I løpet av berre ein ettermiddag, bestemde Miriam og kjærasten seg for å forlate Norge til fordel for eit liv som digitale nomadar. For tida bur dei i Las Palmas, hovudstaden på Kanariøyane, der dei begge to arbeidar fulltid som frilansarar. Miriam får oppdrag frå ulike byrå som oversetjar av hovudsakleg moterelaterte marknadsføringstekstar. 

 

På spørsmål om kva som ligg i begrepet “digital nomade” svarar ho: - Ein ser gjerne for seg eit av disse bileta av en fyr som har med seg laptopen sin på stranda og er stadig på reisefot, men eg trur ikkje det er særlig mange som lev på den måten. 

 

Ettersom paret har hatt fast base i Las Palmas i ca. eit halvt år, kan det ifølgje Miriam diskuterast om ho går under kategorien “digital nomade”. For Miriam og kjærasten handlar det mest om å kunne jobbe stadsuavhengig. 

 

- Det vil sei at ein kan ta med seg jobben sin kor ein vil, slik at ein slepp å søkje ny jobb, eller ta seg fri kvar gang ein får lyst til å reise.

Få arbeidsmogleikar etter endt studietid

Bakgrunnen for valet om å pakke snippeska og reise handla mykje om den vanskelege arbeidsmarknaden heime i Norge. Miriam hadde frilans-erfaring frå studietida, men såg mørkt på å gjere dette på fulltid i heimlandet. 

 

- Eg var nok litt redd for å føle at eg vart sitjande fast i det same som før. Eg var også usikker på kor lett det ville vere å få seg nok jobb til at eg kunne leve av det. På den andre sida kunne eg plutseleg bu akkurat der eg ville, og då sto eg jo fritt til å busetje meg i et rimeligere land enn Norge.

 

Mogleiken til å kombinere arbeid og reise er nok draumen for mange, sjølv om det er dei færraste som vel å gjere draumen til verkelegheit.

 

- Eg hugsar at eg plutseleg såg på dette som den mest fornuftige tingen i verda, og sambuaren min var ikkje heilt ueinig. Sjølv om han allereie hadde fast jobb i Bergen, var tanken på nokre fleire soldagar nok til å leggje alt anna på hylla, og prøve ut frilanslivet på fulltid.

 

Bloggar om frilanslivet

Paret valde å opprette bloggen “The Nomad Experiment” for å dele erfaringane sine i form av sjølvproduserte filmar, bilete og tekst som skildrar kvardagen til dei stadsuavhengige frilansarane. 

 

- Hittil har vi skrive mest om forberedingane og den fyrste tida på ein ny plass. Framover er planen å dele meir erfaringar frå korleis det er å leve og jobbe på denne måten. I tillegg kjem vil til å dele litt “insider-tips” frå plassane vi oppheld oss, seier Miriam. 

 

Har du nokre råd til andre som kunne tenkje seg å arbeide stadsuavhengig? 

 

- Mitt beste tips er å byrje å jobbe som frilansar før ein reisar slik at ein får eit inntrykk av om dette er noko ein kan tene pengar på. Tenk nøye gjennom kva ferdigheitar og interessar du har og undersøk kva stadsuavhengige jobbar som passar for deg. Eventuelt kan ein snakke med sjefen om mogleiken for å lausrive seg frå den faste kontorpulten. I kontorfelleskapet der eg jobbar, sit det for tida ein advokat som jobbar stadsuavhengig nokre månadar i året. Ho er sikkert ikkje åleine om å ha den mogleiken, avsluttar Miriam.