Det leikne ølbryggeriet

Publisert:20. januar 2017Oppdatert:25. januar 2017, 10:54
Ølplanke bestaande av fem ulike typar Cervisiamøl.

I ei tid der ølbrygging kan seiast å vere ein trend, har nomade-bryggeriet Cervisiam satt seg fore å gå motstraums. Både i forhold til smak og visuelt uttrykk. 

Her er Aleksander Nilsen, snart klar for å halde presentasjon om bryggeriet på Apollon i Bergen.

Frå heimebrygg til eigen bar

I løpet av sommaren 2017 skal det Oslo-baserte bryggeriet opne eigen bar i bydelen Grønland. Dette er eit stort steg for det som byrja som eit heimebryggeri. Aleksander Nilsen er blant anna salsansvarleg og er i Bergen for å halde ølsmaking på Apollon Platebar.

- Vi dreiv med heimebryggeri i 4-5 år før vi byrja kommersielt. Vi likar å leike oss. Planen var at vi skulle skilje oss ut. Det har oppstått så mange mikrobryggeri dei siste åra, og mykje av det som finns av øl smakar svært likt. 

Og når ein ser på dei forskjellige øltypane i reportoaret til Cervisiam er det ikkje vanskeleg å slå fast at dei skiljer seg ut. Ei av ølane deira kallast for “Bad Mango”, og kan ikkje skiljast frå ein tropisk nektar ved fyrste augekast. Og den har riktignok blitt laga med mengder av mangopurè. - Vi tenkjer på det som ein dessert, også går vi ut i frå det, seier Nilsen. 

I tillegg til mango bryggar Cervisiam øl med smakstilsetjingar som for eksempel kaffibønner, vanilje, kokos, pasjonsfrukt og appelsin. Barsjefen på Apollon, Geir Ask Henriksen er svært nøgd med ølet. - Det eg likar med Cervisiam er at dei er gode på å eksperimentere. 

Men det er ikkje berre i forhold til smak at bryggeriet likar å leike. 

- Vi er nok litt meir amerikaniserte, seier Nilsen. - Mange mikrobryggeri er veldig enkle i uttrykket. Vi ønskjer å skilje oss ut også på det området. Når nokon står i butikken eller i baren som ikkje veit kva dei vil ha, så går dei gjerne for den ølen med den kulaste logoen,  seier han og snakkar her om dei fargerike etikettane som ølane er pryda med.

I tillegg til smaken og det visuelle er også namna på dei forskjellige ølane ein viktig del av heilskapinntrykket. Ifølgje Aleksander Nilsen er det å finne namnet på ølen det fyrste steget i prosessen. Deretter fylgjer val av ingrediensar. - Alle namna på ølane har gjerne eit morosamt ordspel eller ein referanse. Ei av ølane heiter for eksempel “Smells like Bean Spirit”, som er ein referanse til den kjende låta av Nirvana. Men i dette tilfellet henviser det også til at det blir brukt kaffibønner som smakstilsetjing i ølet. 

På spørsmål om kva som er Nilsen sin favorittøl svarar han: - Eg elskar alle mine born. Det er umogleg å velgje. 

 

Ølbrygging på nomadisk vis

 - Eit nomadebryggeri kan forklarast som ein gauk som finn plass i andre sitt rede, seier Aleksander Nilsen. Eit nomadebryggeri består altså av bryggarar som bryggar øla si hjå andre bryggeri, fordi dette medførar mindre kostnader. Dette gjer det mogleg å velje bryggeri med tanke på kva øl ein ønskjer å lage og kva volum bryggeriet har kapasitet til å brygge. Eit av reda som Cervisiam benyttar seg av er Arendals Bryggeri, som er eit av dei eldste i Noreg. 

- Det å drive bryggeri slik vi gjer det er eit dugnadsarbeid. Alle ansatte gjer litt av kvart, seier Aleksander Nilsen, som ifølgje eit kreativt visittkort har tittelen “sales damager”.