Skal du vaksinere deg, bør du gjere det no

Publisert:24. november 2016Oppdatert:12. desember 2017, 07:30

Influensasesongen er i gang.

Mykje tyder på at influensasesongen startar tidleg i år. Berre førre veke vart talet på folk som vart innlagde på sjukehus som følger av influensasmitte dobla samanlikna med veka før. For å få full effekt av vaksina bør difor dei som enno ikkje har vaksinert seg, gjere det no, seier Siri Hauge, avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding. 

Både talet på sjuke og påvisning av virus i prøver auker. Det er dei eldre som har størst risiko for å verte sjuke, og desse har også god effekt av vaksina, melder Folkehelseinstituttet i pressemeldinga.