Samvit og søtsug

Publisert:4. november 2016Oppdatert:7. november 2016, 17:36

Med studenttilveret følgjer ei kronisk tynn lommebok, og den er sjeldan einig med integriteten min.

Eg er på butikken. Ved egga har eg ein fast tenkeplass.
Økologiske egg – 69,90,-
Egg frå frittgåande høner – 53,90,-
«Vanlige» egg – 24,90,-
Kvar gang eg er her tek eg eit val. Det endar som regel med at eg snur meg og går.

Frå alle kantar kjem det dystert nytt. I 2050 vil det vere meir plast enn fisk i havet. Samstundes kan mangfaldet av artar vere redusert med nesten 40 prosent. Ei fotballbane med regnskog forsvinn kvart femte sekund. Dette er eg altså fullt klar over.

Det er ikkje noko nytt at det er mange ting som er vanskeleg å kombinere med studentlivet. Med tilveret følgjer ei kronisk tynn lommebok, og den er sjeldan einig med integriteten min. Det er heller ikkje magen.

På butikken møter eg nemleg fleire utfordringar enn ulike typar egg. «Sjokomanen» i meg må lide forbi godterihylla. Her går det ofte gale, men det er ikkje dei ekstra kiloane eg er redd for. Det er denne palmeolja som eg eigentleg ikkje veit så mykje om. Det har berre vorte eit prinsipp å unngå den. Freia påskeegg er min store «guilty pleasure», og i år lanserast tilsvarande «Snøballer». Begge deler er stappfulle av palmeolje. Eg spår mange harde kampar med meg sjølv ved godterihylla i næraste framtid.

Ved såpeavdelinga held det fram. Når eg skal bestemme meg for sjampo klarar eg aldri å hugse om det er Define eller Head and Shoulders som bidreg til øydelegging av regnskogen. Eg kjøper difor ingen av delane, sjølv om begge merka som regel er billegare alternativ. Egg kan eg klare meg utan, men sjampo må eg nesten ha. Dermed vert lommeboka endå litt tynnare.

Kvar gong eg pussar tenner gneg det langt inn i sjela at eg endå ikkje har fått fingen ut og bestilt ein bambustannbørste, men berre fraktkostnadane på den svarar jo til to heile måltid i budsjettet mitt. Til og med tannkremen inneheld små plastkuler. No havnar også dei i havet, og berre mine hygieniske behov kan klandrast.

Eg kunne gjort mitt ved å bli fadder for eit vilt dyr for ein fast sum i månaden, og dermed bidrege til å redde bestandane. Likevel unnskyldar eg meg sjølv med at eg ikkje klarar å velje mellom spekkhoggaren Springer eller elefanten Emily Kate. Sanninga er vel heller at eg har meir enn nok med å mate meg sjølv.

Eg er godt inne i mitt tredje år som student, men har endå ikkje knekt koden som gjer at eg kan kombinere tilveret med miljøvisse på ein god måte.

Resultatet er eit evig dårleg samvit, ei lommebok som er tommare enn naudsynt og eit søtsug frå ei anna verd. Og egg, det er no ei luksusvare.